Sognekraft har fått grønt lys til å bygge Feios kraftverk. Det vil gje eit tilfang av ny fornybar energi på 92 GWh. (Illustrasjonsfoto: Sognekraft)

Sognekraft har i statsråd fått konsesjon til Feios kraftverk, som ferdig utbygd får ein kraftproduksjon på om lag 92 GWh.

Kelde: Sognekraft

Olje- og energidepartementet (OED) har ved kongeleg resolusjon gjeve løyve til planendring av Feios kraftverk og anleggskonsesjon for ny nettilknyting mellom Feios og Hove. – Ein gledens dag for oss, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Dette er den andre kongelege resolusjonen som gjev grønt lys til Feios-utbygginga. Som følgjer av innspel og ynskje frå lokalbefolkninga i Feios, og eit ynskje frå Sognekraft om å sjå kraftutbygginga og nytt nettanlegg mellom Feios og Hove i samanheng, vart det sendt søknad om planendring til OED. Fredag 20. mai vart det gjeve endeleg klarsignal i statsråd til både planendringane for Feios kraftverk og for det nye nettanlegget med bygging av ny 132 kV-linje mellom Feios og Hove.

Feios kraftverk AS vil ferdig utbygd få ein årsproduksjon på om lag 92 GWh, noko som er nok til å forsyna om lag 4600 husstandar med straum.

– Eg er veldig glad for at me no endeleg har fått konsesjonane me har søkt om. Og eg er sjølvsagt glad for at dei er i samsvar med tilrådingane frå NVE, seier Terje Bakke Nævdal.

Utbygginga av Feios kraftverk har vore på teiknebrettet til Sognkraft heilt sidan 2001. I 2013 fekk vi konsesjon til utbygging frå NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) og OED, utan at dei tok stilling til nettilknytinga.

– Samstundes fekk vi innspel frå grunneigarar og andre i Feios, og ulike naturverninteresser. Difor leverte vi ein søknad om planendring for å etterkoma ein del av ynskja og innspela, seier Bakke Nævdal.

I høve den opprinnelege konsesjonen har ein mellom anna flytta kraftstasjonen 1,2 kilometer i vestleg retning til Håastrondi og delvis ny trase for kraftledningen mellom Feios og Hove, inkludert transformatoranlegget. Den nye kraftlinja skal leggjast i kabel frå Seim/Leshengi til Hove.

– No har me eit endeleg grunnlag for å vurdera utbygging og gjennomføring, seier Terje Bakke Nævdal.

Feios Kraftverk AS er eigd av Sognekraft (70 %), BKK (20 %) og Veidekke (10 %).