Med kjøpet av Steinsvik kraftverk aukar SKL og Sognekraft satsinga nordover. Frå før eig Sognekraft og SKL fem kraftprosjekt i Jølster og Gloppen. (Foto: Småkraft)

Sognekraft kjøper Steinsvik kraftverk i Volda saman med Sunnhordland Kraftlag (SKL). Frå før eig Sognekraft og SKL fem kraftverk i Sunnfjord og Nordfjord.

Kelde: Sognekraft

– Saman med SKL har vi ein strategi om å vekse oss større på kraftproduksjon, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i  Sognekraft.

Steinsvik kraftverk har vore i drift i sju år og har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 29 GWh, noko som tilsvarar årsforbruket av straum til nær 1500 husstandar. Seljar er dei tidlegare eigarane av Småkraft AS, mellom andre Statkraft og BKK.

Med dette kjøpet aukar SKL og Sognekraft satsinga nordover. Frå før eig Sognekraft og SKL fem kraftprosjekt i Jølster og Gloppen, no også Steinsvik kraftverk i Volda kommune. Det er gjennom selskapet Nydalselva Kraft AS at vi saman med SKL utvidar portefølgjen vår i Sunnfjord, Nordfjord og no også på Møre. Satsinga genererer også auka aktivitet i Sognekraft då kraftverka skal driftast av Sognekraft sin organisasjon.

SKL og Sognekraft eig kvar sine 50 prosent av Nydalselva Kraft AS. Nyleg kjøpte Nydalselva kraft AS 51 prosent av eigarskapen i Sandal og Fossheim Kraft AS og heile Timbra Kraft AS. Timbra er ikkje bygt ut, men eit ferdig rigga prosjekt klart for utbygging. Også Steinsvik kraftverk vert lagt under Nydalselva Kraft AS, der Sognekraft og SKL har lik eigarskap.

Frå før ligg Helgheim kraftverk og Indrebør kraftverk under Nydalselva Kraft AS. Også Helgheim Kraft er kjøpt som utbyggingsprosjekt, der ein har starta arbeidet med anbodsprosessar.

– Saman med SKL har vi ein strategi om å veksa oss større og sterkare ilag der dette er naturleg. Dei ulike kvalitetane i SKL og Sognekraft gjer oss veldig sterke når vi går saman, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Samla har dei seks kraftprosjekta Sognekraft og SKL har kjøpt i Sunnfjord, Nordfjord og på Møre ein årsproduksjon på om lag 70 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 3500 husstandar.