Eit resultat på 16 MNOK i første halvår for Sunnfjord Energi er 4 MNOK lågare enn same periode i 2015, her illustrert med kveldsbilete av hovudkontoret i Førde.(Foto: Øystein Ullaland)

Sunnfjord Energi fekk eit konsernresultat etter skatt på vel 16 millionar kroner første halvår 2016. Dette er omlag 4 mill. kroner lågare enn same periode i fjor.

Kelde: Sunnfjord Energi

Driftsmidlane i Kjøsnesfjorden Kraftverk er nedskrive med 29 mill. kroner før skatt. For same periode i 2015 hadde selskapet ikkje slike nedskrivingar.

Adm. dir. Fredrik Behrens er nøgd med resultata konsernet leverer for første halvår.

– Justert for nedskrivingar knytt til Kjøsnesfjorden Kraftverk er det vesentleg resultatforbetring samla sett for konsernet målt mot fjorår, seier Behrens.

Nedskrivingane av driftsmidlar i Kjøsnesfjorden Kraftverk skuldast nedjusterte kraftprisprognosar.

Kraftproduksjonen for første halvår var på 194 GWh. Dette er mindre enn på same tid i fjor, men kraftprisen har i gjennomsnitt vore omlag 2 øre høgre. I tillegg har selskapet inntekter knytt til at Kjøsnesfjorden Kraftverk har fått elsertifikat frå 2016.

Nettverksemda gir også auke i inntekter samanlikna med same periode I fjor. Dette skuldast vekst i investeringar som gir auka inntektsramme.

– Vi har stabile driftskostnader på nett, og med auke i inntektsramma gir dette resultatforbetring, seier Behrens, som også legg til at dotterselskapet Enivest har stor aktivitet på fiberutbygging og bidreg positivt til resultatet.