Fire flotte representanter for gullkantet kundeservice i SFE. Fra venstre: Liv Randi Teige, Katrine Aske, Wenche Håvik og Hege Marita Svalheim. (Foto: SFE)

I den siste nasjonale «målinga av kundesenter i kraftbransjen» trona SFE (Sogn og Fjordane Energi) på 1.plassen!

Kelde: SFE

Dette er Noregs mest omfattande kundeundersøking av kraftbransjen. «Vi har blitt målt kvartalsvis over fleire år, og alltid lagt høgt oppe. At vi får 49 av 50 moglege poeng er utruleg kjekt! Det er motiverande og vi skal fortsette å jobbe for å vere aller best på kundeservice.» seier Hege Svalheim, leiar på kundesenteret til SFE.

48 kraftselskap er med i undersøkinga, og inkluderer mellom andre selskap som Fjordkraft, NorgesEnergi, Gudbrandsdalen Energi, Fortum og Akraft. Desse hamna på mellom 11.-36.plass. Totalt snitt for alle selskapa som var med var poeng summen 36,7.