vann
Illustrasjonsfoto: Modalen Kraftlag

NVE gjev løyve til Nåmdalselva, Todeilselva, Almelidelva og Budal II kraftverk, medan Tveråna, Bleidalselva og Seljedalselva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Modalen kommune i Hordaland.

Kelde: NVE

Dei fire kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 29,6 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1480 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 16,2 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknader på landskap, friluftsliv, biologisk mangfald og samla belastning har vore dei viktigaste tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasninger ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.