Tussa byggjer vasskraftverk nummer 22 i Tenneelva i Vanylven. (Foto: Tussa)

Tussa er i full gang med å byggje sitt 22. vasskraftverk. Tenneelva kraftverk i Vanylven vil stå ferdig neste haust. Normalproduksjonen vert 10 GWh årleg.

Kelde: Tussa

 – Kraftverket vil utnytte eit 404 meter høgt fall frå Tennevatnet til kraftstasjonen. Kraftstasjonen vil liggje fremst i Norddalen i Syvde, berre 150 meter frå Bruelva kraftstasjonen, seier prosjektleiar i Tussa, Øyvind Eidså. 

På biletet over ser du Tennevatnet til venstre og anleggsveg og det pågåande arbeidet med vassvegen til høgre for fjellryggen. 

Ny boreteknologi

I arbeidet med vassvegen til det nye kraftverket har Tussa tatt i bruk ny og effektiv boreteknologi. I tillegg til 600 meter nedgrave rørgate, vert det nemleg bora ein 400 meter lang tunnel for å føre vatnet frå Tennevatnet til kraftstasjonen. Dette vert gjort ved retningsstyrt fjellboring, og skal vi tru prosjektleiaren har borekronene verkeleg gjort jobben sin i Vanylven.

Boringa har gått i rekordfart med 381 meter på 10 døgn. Boreholet har ein diameter på 74 cm, og det har vore bora døgnet rundt, og opp til 2 meter boring i timen. Det er Vest-Agder-firmaet Norhard som har stått for boringa, og for å styre boret nyttar dei eit navigasjonssystem utvikla av romfartsorganisasjonen NASA.

Fornybar energi

Med ein normalproduksjon på 10 GWh i året vil Tenneelva gi eit lite men godt bidrag til Tussa sin vasskraftproduksjon. Tussa har i dag 21 kraftverk som produserer fornybar vasskraft. Normalproduksjonen er 681 GWh, der dei to største kraftverka, Tussa kraftverk og Åmela kraftverk, står for godt og vel halvparten av produksjonen.

I Vanylven har Tussa frå før Sørbrandal kraftverk (42 GWh), Vedeld kraftverk (15 GWh), Bruelva kraftverk (2,7 GWh) og Skår kraftverk (4,7 GWh).