NVE rår OED til å gje SKL (Sunnhordland Kraftlag) konsesjon til Løkjelsvatn kraftverk. (Foto: SKL)

NVE har handsama ein søknad frå Sunnhordland Kraftlag (SKL) om løyve til å byggje og drive Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune, Hordaland. NVE rår OED til å gje konsesjon.

Kelde: SKL

SKL ynskjer å byggje eit nytt Ljøkelsvatn kraftverk som skal nytte dei eksisterande reguleringane i vassdraget. Nytt kraftverk vil auke den totale kraftproduksjonen i vassdraget med om lag 20 GWh. Dette er straumbruken til om lag 1000 husstandar.

NVE meiner eit nytt Løkjelsvatn kraftverk gjev ei betre nytting av eksisterande reguleringar og at negative effektar av inngrepet i stor grad kan reduserast gjennom avbøtande tiltak. Litledalsvassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag og eit verna vassdrag. NVE si tilråding inneber at det sikrast ei meir stabil vassføring nedstraums Litledalsvatn enn i dag, noko som vil vere positivt for livet i vassdraget.

Kraftverket vil knyte seg på eksisterande 66 kV-leidning Litledalen – Hardeland med jordkabel frå transformatoren.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.