NVE har avgitt positiv innstilling til BKK-prosjektet Tverrelvi i Voss, som kan gje 117 GWh vasskraft årleg. (Foto: BKK)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt positiv innstilling til Tverrelvi-prosjektet i Voss kommune. BKK har søkt om konsesjon for to kraftverk og ei overføring til Evanger kraftverk. Det kan gje 117 GWh vasskraft årleg, som er nok til å dekkja straumforbruket i 5850 einebustader.

Kelde: BKK

– Vi er glad for at NVE vurderer dette som eit samfunnsnyttig prosjekt. Vi vil no gå gjennom innstillinga og vurdera moglegheitene som ligg i denne, seier divisjonssjef Inger E. A. Lundetræ i BKK.

BKK har inngått avtale med dei fleste grunneigarane. Konsesjonssøknaden vart sendt inn til NVE i 2013, og denne veka kom svaret. Innstillinga frå NVE går no til Olje- og energidepartementet (OED) som vil avgjera om prosjektet får konsesjon.

Utnyttar eksisterande vassmagasin
Evanger kraftverk er det største til BKK. Konsesjonssøknaden inneber å overføra tilsiget frå øvre delar av Tverrelvi og Muggåselvi til driftstunnelen for Evanger, og i tillegg byggja eit småkraftverk i kvar av dei to sideelvane til Vosso. Overføringa vil gi 84,2 GWh, medan kraftverka i Tverrelvi og Muggåselvi er planlagt med ein produksjon på 26,4 GWh og 6,6 GWh.

Prosjektet gir ein stor auke i fornybar energi, utan behov for å regulera fleire vatn.

Nei til Horgaset og delar av Beinhelleren
NVE tok også stilling til to andre prosjekt med overføringar til Evanger kraftverk. Overføringa frå Horgaset (27,9 GWh) fekk negativ innstilling frå direktoratet, medan delar av overføringa frå Beinhelleren-prosjektet fekk positiv innstilling (6,9 GWh).