Adm.direktør Rune Kiperberg (t.h.) i Mørenett og adm.direktør Ola Raknes i Stranda Energi fører konstruktive samtalar om eventuell samanslåing av nettverksemdene i selskapa. (Foto: Mørenett)

Stranda Energi AS og Mørenett AS har signert intensjonsavtale med mål om å slå saman nettverksemdene i dei to selskapa, og samle dette i Mørenett.

Kelde: Mørenett

Det har over ei tid vore ført konstruktive samtalar mellom Stranda Energi AS og Mørenett AS om eventuell samanslåing av nettverksemda i selskapa. Bakgrunnen for samtalane har vore å sjå på nye, meir framtidsretta og robuste strukturar for nettverksemda i regionen. Dette er knytt til regulatoriske krav til nettverksemdene, og krav til forsyningstryggleik, ressurskapasitet, kompetanse og økonomisk bærekraft til naudsynte investeringar. Endringar i energilova, med krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje frå 2021, har og vore eit omsyn i desse samtalane.

Handsaming i april

Fram til 1. april 2018 vert det jobba med ein modell for samanslåinga. Då skal planane til handsaming hos eigarane, med mål om at den endelege avtalen skal signerast innan 1. august 2018.

Stranda hovudlokasjon på indre

Stranda er tenkt som hovudlokasjon for Mørenett sin aktivitet på indre Sunnmøre, og dette vil sikre god samhandling mellom Stranda og lokasjonane Mørenett allereie har i Valldal i Norddal kommune og Grodås i Hornindal kommune. Mørenett har vidare lokasjonar i Ørsta, Herøy og Ålesund kommunar.

Stranda Energi AS vil etter samanslåinga framleis drive med kraftproduksjon, kraftomsetting og fibernett. Alle tilsette vil være sikra gjennom prosessen.