OED har avslått søknad om å bygge kraftverk i Breimselva i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

OED har avslått søknaden frå Breim Kraft AS om å bygge ut Breim kraftverk i Breimselva i Gloppen.

Kelde: OED

– Regjeringa ønskjer at vi skal utnytte våre fornybare energiressursar. Samtidig må vi ta vare på verdifullt biologisk mangfald. I denne saka har vi avgjort at omsynet til det siste må vege tyngst, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Det er lagt vekt på at Breimselva utgjer eit økologisk funksjonsområde for delar av storaurestammen i Breimsvatnet, og at ei utbygging av Breim kraftverk vil kunne påverke stammen negativt. Breimsvatnet er ein av 55 storaurelokalitetar i Norge, og ein av fem lokalitetar i Sogn og Fjordane. I den samanheng har departementet tatt omsyn til at ei utbygging av Breimselva vil svekke vasskvaliteten i Breimselva ytterlegare og at ferskvassbiologien vil bli negativt råka. Det er også lagt vekt på at utbygginga vil vere negativ for landskapet i området, og ha ulemper for friluftsliv og reiseliv.

Departementet har som NVE kome til at ulempene ved utbygginga er større enn fordelane ved 87,6 gigawattimar (GWh) årlig uregulerbar kraftproduksjon.