Tussa kraftverk er det største av 21 vasskraftverk i Tussa-konsernet. Etter 57 år i drift gjennomførast nå ein kraftig oppgradering. Her er nokre av dei som gjer jobben. (Foto: Tussa)

Tussa hadde samla driftsinntekter på 811,7 mill. kr og eit driftsresultat på 131,6 mill. kr i 2017.

Kelde: Tussa

Resultat før skatt vart 103,5 mill. kr, og etter skatt vart resultatet 56,8 mill. kr.

Driftsresultatet for konsernet er lågare i 2017 enn i 2016. Hovudårsaka til det er ei stor eingongsinntekt i 2016 innanfor forretningsområdet kraftnett. Finansresultatet i 2017 er vesentleg betre enn i 2016. Hovudårsaka til det er fisjonen av entreprenørverksemda i Mørenett til BKK Enotek.

Auke i kraftproduksjonen

Tussa produserte 745 GWh elektrisk kraft i 2017. Til samanlikning vart det produsert 681 GWh i 2016. Den gjennomsnittlege spotprisen i området vårt vart 27,5 øre/kWh i 2017. Dette ga eit driftsresultat for produksjons- og engrosverksemda på 77,8 (75,2) mill. kr, og eit resultat før skatt på 53,6 (58,8) mill. kr. Tal for 2016 i parentes.

 Forretningsområdet kraftsal hadde eit driftsresultat på 6,8 mill. kr (3,9) og eit resultat før skatt på 6,8 mill. kr (4,0).

Reduksjon i nettverksemda

Tussa eig 46,34 % av Mørenett AS, og Tussa sin del av Mørenett hadde eit driftsresultat på 41,2 mill. kr (114,0) i 2017, medan resultatet før skatt vart 57,2 mill. kr (106,9). Grunnen til reduksjonen i driftsresultatet er ei eingongseffekt i 2016 i samband med fusjonen mellom Tussa Nett og Tafjord Kraftnett. Finansresultatet i 2017 vart positivt og betre enn i 2016 grunna fisjonen av Mørenett entreprenør, og dette er mellom anna årsak til at resultatet etter skatt er betre enn driftsresultatet i 2017.

IKT i vekst

Forretningsområdet IKT hadde eit driftsresultat på 12,1 mill. kr i 2017 (9,7), medan resultatet før skatt vart på 4,1 mill. kr (3,2). Eksterne kommunikasjonsprodukt hadde ein omsetningsvekst på 11 % i 2017, og eksterne IT-produkt hadde ein omsetningsvekst på 5 %. Det er potensiale for ytterlegare vekst både innanfor kommunikasjons- og IT-tenester, og det er forventa sterkare resultat framover.

Positivt resultat i installasjon

Forretningsområdet installasjon hadde eit driftsresultat på 2,3 mill. kr i 2017 (3,2), medan resultatet før skatt vart på 2,4 mill. kr (3,4). Verksemda leverer positive resultat trass i at konkurransen i installasjonsmarkanden har vore utfordrande i 2017. Utover året har det likevel vore god ordreinngang og tilgang på arbeid for installasjon.

Investeringar

Tussakonsernet investerte for 232 mill. kr i 2017. Dei største investeringane er gjort innanfor fiber, kraftproduksjon og nettanlegg.

Auka utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 33,4 mill. kr til utbyte i 2017 (24,5), i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 % av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata.