SFE seier nei til Vestlandskraft, her illustret med Eidsfossen kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. (Foto: SFE)

Styret i Sogn og Fjordane Energi (SFE) tilrår eigarane å seie nei til å gå saman med BKK og Hydro om eit nytt, felles selskap for kraftproduksjon.

Kelde: SFE

Den 12. oktober skal saka opp i ei ekstraordinær generalforsamling i SFE. For SFE vil eit nei bety slutten på utgreiingane som sidan våren 2017 har vurdert eit nytt stort kraftproduksjonsselskap på Vestlandet, med arbeidsnamnet Vestlandskraft.

– No har styret i SFE sagt si meining om dette, og så er det eigarane som til sjuande og sist bestemmer om dei vil gå vidare med eller skrinlegge prosjektet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Vestlandskraft har vore eitt av alternativa Sogn og Fjordane fylkeskommune har vurdert for å sikre at verdiane i SFE blir verande i Sogn og Fjordane etter samanslåing med Hordaland. På si side ønskjer BKK å vekse strukturelt på Vestlandet, medan Hydro ser etter løysingar for sine kraftverk i Røldal/Suldal før konsesjonen går ut i 2022 og kraftverka går som heimfall til staten.

I Vestlandskraft får SFE ein relativt liten eigardel på rundt 10%. Styret og administrasjonen i SFE har derfor vore usikre på om alternativet gir god nok lokal kontroll og eigarskap til viktige naturressursar, og om det tek vare på lokale arbeidsplassar, kompetanse og aktivitet i stor nok grad. Desse ulempene vurderer styret i SFE som større enn verdien av dei reduserte kostnadane ein forventar ved ei samanslåing.

– Derfor har SFE-styret bedt dei andre partane om tilbakemelding på korleis SFE eventuelt vil bli kompensert for ulempene ved ei samanslåing. Men vi opplevde ikkje tilboda som gode nok til å halde fram med prosessen, seier Rauboti.

Krevjande med fleire prosessar
Samstundes som Vestlandskraft har blitt utgreidd, har SFE og Sunnfjord Energi på si side drøfta samanslåing av både nett- og produksjonsverksemdene i eit felles, lokalt kraftkonsern.

– Det er ikkje til å kome vekk frå at Vestlandskraft har vore litt forstyrrande og skapt auka usikkerheit i drøftingane om samanslåing mellom SFE og Sunnfjord Energi. SFE-styret ser eit større potensial mellom SFE og Sunnfjord Energi, men samstundes har det synt seg at ein treng avklaring rundt regionsreforma og Vestlandskraft før ein kan kome i mål med denne samanslåinga, seier Rauboti.

Rauboti meiner også det har vore krevjande for organisasjonen å vere i fleire strukturprosessar samstundes.

– Slike utgreiingar krev mykje tid og ressursar. I tillegg blir det ei ekstra utryggleik som heng over dei tilsette som lurer på korleis framtida vil bli, og slik kan vi ikkje ha det over lang tid, seier han.