Dag Bolstad meiner ny teknologi har gitt han ein tryggare arbeidskvardag. (Foto: BKK)

Ved hjelp av moderne teknologi kan BKK no gjennomføra tilsyn av kraftverk utan å gå fysisk inn i kraftverket. Dag Bolstad får live video og nøkkeldata om kraftverket rett inn i stova gjennom nettbrettet sitt.

Kelde: BKK

– Dette er framtida! Same kvar eg er, har eg alltid oppdatert informasjon om korleis tilstanden er, seier Dag.

På skjermen heime i stova på Bolstadøyri har han full oversikt over både kraftstasjonen på Dale og Bergsdalsvassdraget med fyllingsgrad i magasina. Produksjon, trykk og temperaturar er noko av det han får data om. Og han vil sjå det same bildet om han har med seg nettbrettet ut i felten.

Alarm
– Det var nyttig i samband med den store nedbøren i haust der vi var ute og gjorde mange tiltak for å dempa flaumen. Jobben var lettare når vi sjølv hadde tilgang på data om magasinfylling, framhevar Dag.

Skulle det gå ein alarm på kveldstid, kan Dag sjekka kva som har skjedd heime på nettbrettet. Dersom han ser at det er falsk alarm, kan han unngå å setja seg i bilen og leggja ut på kjøretur med krevjande føreforhold vinterstid.
Dersom han må rykkja ut, er han betre førebudd og kan ta med seg riktig utstyr for å få gjort den jobben som trengst.

Testlab på Dale
Produksjon av vasskraft har vore fjernstyrt i fleire tiår. Tilsyn og rutinekontrollar har derimot skjedd manuelt, der kraftverksoperatøren har gått rundt i kraftstasjonen og kontrollert tilstanden. Ved å ta i bruk ny teknologi, kan BKK gjennomføra digitale tilsyn av eit kraftverk.

I Dale kraftverk har BKK etablert ein testlab for å prøv ut nye sensorar, kamera og annan teknologi før det blir tatt i bruk i dei andre kraftverka. Dette skjer i samarbeid med leverandørar av ulike former for teknologi.

Lydbilde avslører feil
– BKK har 28 kraftverk og 126 demningar. Ny teknologi gir oss betre data om tilstanden i anlegga våre. Det gir medarbeidarane våre ein tryggare arbeidsdag, og vi kan driva meir effektivt enn før, seier John Håkon Andersen, divisjonssjef i Kraftverk i BKK Produksjon.

Det er montert avanserte kamera i seks av stasjonane som har lengst kjøreveg for kraftverksoperatørane. Etter kvart som ein får erfaringar frå testlaben på Dale, vil meir teknologi bli installert i fleire av stasjonane. Til og med lyden frå ein turbin kan bli digitalisert og framstilt i eit lydbilde for å avdekkja moglege feil.

To milliardar kroner i omsetning
BKK omset kraft for rundt to milliardar kroner kvart år. Kontroll med tilstanden til kraftverka er svært viktig for BKK sin økonomi.

– Dersom det største aggregatet på Dale stansar på grunn av feil, tapar vi rundt ein million kroner i døgnet. Så vi må ha full kontroll på tilstanden. Med den nye teknologien får vi kontinuerleg data om kraftverka, og det vert det lettare for oss å setja inn vedlikehaldet på det optimale tidspunktet, seier Arne Småbrekke, seksjonssjef for Elektro og maskin i BKK Produksjon.

Framover vil BKK Produksjon sjå på innhaldet i revisjonar av kraftverket i lys av innføring av ny teknologi.

– Det kan vera punkt vi kan kontrollera på andre måter, eller til og med utelata fordi vi har innhenta tilstrekkeleg informasjon om tilstanden i ordinær drift, seier Arne.