BKK rådgjev at prosessen om samanslåing mellom SFE og Sunnfjord Energi avsluttas. Her illustrert med huvudkontoret til SFE i Sandane i Sogn og Fjordane. (Illustrasjonsfoto: BKK)

- Ei samanslåing av SFE og Sunnfjord Energi vil slå dårleg ut for både kundar og eigarar av dei to selskapa. Arbeidet med å førebu ein fusjon har vart i to år.

Kelde: BKK

Vårt råd er at ein no avsluttar prosessen og i staden ser på løysingar som er betre for kundar, kommunar og andre eigarar, seier Tonny Nundal, konserndirektør Kommunikasjon i BKK.

– Det er ikkje konkretisert korleis ei samanslåing skal gi synergiar som fører til lågare kostnader. Vi kan difor ikkje sjå at det er noko realisme i ei innsparing på 30 – 50 millionar kroner, seier Nundal.

BKK har dermed ikkje tru på at fusjonsplanane vil bidra til positiv verdiskaping for det fusjonerte selskapet, eller at det vil vera nokon gevinst for privatkundar, næringsliv og kommunar i form av lågare nettleige.

Møte med eigarkommunane
BKK har eigarinteresser i begge dei to selskapa, 36,83 prosent i SFE og 37,45 prosent i Sunnfjord Energi. Denne veka har BKK hatt møte med eigarkommunane i Sunnfjord Energi for å orientera om kva syn BKK har på ei mogleg samanslåing av SFE og Sunnfjord Energi. 

SFE har tidlegare tatt initiativ til å utgreia eit samarbeid om kraftproduksjon med BKK og Hydro. Den prosessen har stoppa opp, etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune trekte BKK for retten for å unngå bruk av forkjøpsrett til aksjar i SFE.

– Den uavklarte og utfordrande situasjonen med fylkeskommunen er også eit argument mot å realisera ein fusjon der vi vil ha liten innverknad, påpeikar Nundal.

Storleik er avgjerande
Han løftar i staden fram visjonen om eit stort energisamarbeid i nye Vestland fylke, slik dei har planar om i aust der Hafslund E-CO og Eidsiva Energi ynskjer å skape eit gigantselskap med nærare ein million kundar og ein produksjon på rundt 16,4 TWh. Det nye selskapet blir i så fall det største i landet. Til samanlikning har BKK rundt 200 000 kundar og ein produksjon på om lag 7 TWh. 

– Sjølv om BKK er store på Vestlandet, blir vi alle små når vi samanliknar oss mot dette. Eit stort selskap som Hafslund/Eidsiva vil ikkje berre kunna tilby kundane sin lågare nettleige. Dei vil også få stor tyngde når det gjeld å påverka rammevilkåra for energiselskapa framover. Vi i vest må ta opp konkurransen for å tilby våre kundar dei beste vilkåra og sikra verdiane til våre offentlege eigarar, understrekar Nundal. 

– Styreleiarane i SFE og Sunnfjord stiller sjølv spørsmål ved om eit fusjonert selskap er for lite. Skal vi vera konkurransedyktige, må vi byggja alliansar som har tilstrekkeleg slagkraft og ressursar til å vinna fram i konkurransen mot dei andre, og vi ser BKK som ein naturleg del av det store samarbeidet, seier Nundal.