Med oppkjøp frå Tafjord og Sognekraft veks SFE i vindkraft.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) kjøper ut TAFJORD Kraftproduksjon og Sognekraft frå fire vindkraftprosjekt i Sogn og Fjordane.

Kelde: SFE

Gjennom det felleseigde selskapet Svelgen Kraft Holding har kraftselskapa SFE, TAFJORD og Sognekraft eigd 20% av vindkraftprosjekta Hennøy og Okla, og 100% av prosjekta på Bremangerlandet og Lutelandet. SFE er største eigar av Svelgen Kraft Holding, og kjøper no dei to andre selskapa sine aksjar i vindkraftprosjekta.

Ola Lingaas er produksjonsdirektør i SFE, og seier at SFE har ein vekststrategi der oppkjøp av desse vindkraftprosjekta passar naturleg inn. – Prosjekta ligg i eit geografisk område der vi har mange prosjekt og tilsette frå før, seier Lingaas. Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord meiner tidspunktet no var gunstig for å selje seg ut av vindkraft.  – Vi er ein liten aktør i dette, men har fått ei høveleg verdiutvikling på vår posisjon som prosjektutviklar i vindkraft, fortel Espeset. Terje Bakke Nævdal er adm.dir i Sognekraft og grunngjev salet med behov for å prioritere kapitalbruken. – Vi investerer for tida relativt tungt i bygging av ny vasskraft, og ønskjer å konsentrere kapitalbruken på kjerneverksemda vår, fortel Nævdal.

Eitt av prosjekta, Hennøy i Bremanger, er allereie under bygging. Okla i Selje nærmar seg eit mogleg investeringsvedtak, og planen er også å ha Bremangerlandet og Lutelandet prosjekta sett i drift innan 2021.

– For Hennøy og Okla er Falck Renewables inne som majoritetseigar, og vi har eit godt samarbeid. Når det gjeld Bremangerlandet og Lutelandet er det enno ikkje bestemt om det skal hentast inn eksterne investorar eller om vi skal finansiere desse investeringane sjølv.  SFE vil uansett engasjere seg i sterkare grad i vindkraft med sikte på verdiskaping for eigarane og utvikling av lokale kompetansearbeidsplassar, seier Lingaas.