OED gjev Sira Kvina kraftselskap grønt lys til å bygge Rafoss kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. (Foto: Sira Kvina Kraftselskap)

Sira Kvina kraftselskap DA har fått konsesjon til å bygge Rafoss kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil levere kraft som svarar til forbruket til om lag 1900 norske husstandar.

Kelde: OED

Utbygginga vil bidra positivt med produksjon av fornybar energi med ein kraftproduksjon på om lag 38 Gigawattimar (GWh).

– Produksjonen svarar til forbruket til om lag 1900 husstandar. 70 prosent av den vil vere regulerbar kraft produsert om vinteren. Dette er særleg verdifullt for forsyningstryggleiken. Tiltaket medfører auka kraftproduksjon i eit allereie regulert vassdrag og sikrar dermed ei effektiv ressursutnytting, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Omsynet til landskap og biologisk mangfald blir ivaretatt med dagens minstevassføring. For at kraftverket ikkje skal medføre vesentlege verknader for fisk, blir det pålagt å etablere løysingar som hindrar tap av smolt og vinterstøing i kraftverket.