Her gjev Sunnfjord Energi råd om kva du må væra merksam på ved byte av straumleverandør. (Foto: Agder Energi)

Hard konkurranse i straummarknaden har dei siste åra pressa prisane ned til kunden sitt beste. Ut frå tilbakemeldingar frå kundar og forbrukartestar viser det seg at ikkje alle tilbod er like informative og tydelege.

Kelde: Marknadsavdelinga, Sunnfjord Energi

Forbrukarrådet sin portal for å undersøke pris på straum skal rettleie kundane fram til dei billegaste avtalene. Denne portalen har fått kritikk frå fleire hald, blant anna frå bransjeorganisasjonen Defo (Distriktenes Energiforening).

Defo påpeikar blant anna:

  • Kor mykje ein kan spare i kroner er feil. Det vert ikkje samanlikna med kunden sin reelle pris, men ein stipulert pris
  • Vanskeleg for kunden å finne ut kor langt fram prisen og vilkåra gjeld. Ein del kraftseljarar brukar avtaler med introduksjonspris og deretter går ein over til dyrare avtalar, ofte med bindingstid
  • Vanskeleg for kunden å samanlikne kva avtale som har best pris framover i tid
  • Straumprisportalen er ofte ikkje oppdatert
  • Feil i framstilling av avtalar
  • Ingen reglar for varsel til kunden om prisjusteringar

Med bakgrunn i dette og at det er avdekka ein del uryddige salsmetodar blant somme kraftseljarar, så gjev Sunnfjord Energi råd om å undersøke eller vurdere følgjande ved byte av straumleverandør:

  • Kor lenge gjeld prisen i tilbodet?
  • Er det bindingstid?
  • Kjem det gebyr i tillegg?
  • Kva krav gjeld meg som kunde for at eg skal få den prisen som vert lova?
  • Kva kundeservice kan eg vente å få?
  • Kva bidrar straumleverandøren med av lokal verdiskaping og trivsel der eg bur? (arbeidsplassar, sponsing av lag og organisasjonar, lokal utvikling).