Mange hender tok tak da landets første fornybarinkubator tysdag opna i Energibygget i Trondheim. (Foto: Enova)

Olje- og energiminister Tord Lien opna tysdag Watts Up, landets første fornybarinkubator i Energibygget i Trondheim.

Kilde: OED

– Ved å kople saman teknologi- og forretningskompetanse på denne måten kan ein skape endå fleire lønnsame verksemder og arbeidsplassar ut av vårt unike utgangspunkt innan fornybar energi. Dette tiltaket kan bidra til at nye og innovative løysingar ser dagens lys og kjem ut i marknaden. Regjeringa bidrar til denne utviklinga, mellom anna ved å styrke energiforskninga og ved å opprette investeringsselskapet Fornybar AS, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Fornybarinkubatoren Watts Up er eit samarbeid mellom TrønderEnergi og NTNU Accel. Målet er at inkubatoren skal vere ein møteplass der innovatørar innan fornybar energi får hjelp til å utvikle sine idear til vellukka verksemder.