Det foreløpig navnløse kabelleggingsskipet går nå til Karlskrona i Sverige for å døpes. (Foto: Kleven)

Kleven Verft leverte i går byggnr. 372. Det komplekse spesialfartøyet er utvikla for kabellegging på havbotnen, og vart kontrahert av ABB i september 2015.

Kilde: Kleven Verft

I mellomtida har danske NKT Cables overtatt ABB si verksemd innan høgspennings kabelsystem, slik at fartøyet har gått frå ABB sin raude farge til NKT sin blå i løpet av våren.

Spesialskipet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design, og det 140 meter lange og 30 meter breie fartøyet er blant dei største Kleven har levert. Fartøyet har innreiing for 100 personar og eit dekksareal på 1600 m2. Fartøyet går no til Karlskrona i Sverige for dåp og siste førebuingar før fartøyet skal ut i jobb.