Me har lykkast med å følgje planen og nå måla våre så langt, seier Rune Kiperberg, adm.direktør i Mørenett. (Foto: Mørenett)

Det økonomiske resultatet i Mørenett vart svært godt i 2016. Samla driftsinntekter vart 754,2 mill. kr i 2016 (564,5). Resultat før skatt vart 230,7 mill. kr (52,1), og årsresultatet vart 171,9 mill. kr (32,5).

Kelde: Mørenett

Det gode resultatet kjem som resultat av målretta arbeid utført av selskapet, og harmoniinntekt som følgje av fusjonen mellom Tussa Nett og Tafjord Kraftnett.

I samband med fusjonen fekk Mørenett tilsegn om ei ekstra inntekt (harmoniinntekt) over inntektsramma for 2016. Inntekta utgjer 92 mill. kr, og er kompensasjon for at Mørenett i framtida vil få lågare inntektsramme enn dei to selskapa i sum ville fått.

Følgjer planen

– Det er tredje driftsåret vårt, og vi har framleis fokus på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla som var ein del av vedtaksfundamentet for etableringa av Mørenett. Som resultatet vårt syner så lykkast vi med å følgje planen og nå måla våre. I løpet av 2018 skal Mørenett ha ein kostnadsbase som gjer at vi vert målt som 100 % effektive, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Høg aktivitet

I distribusjonsnettet har aktiviteten gjennom året vore høg med ferdigstilling av mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Når det gjeld drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med plan, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev stadig større ressursar. Innan ekstern verksemd har aktiviteten vore god, og dei viktigaste forretningsområda her er veglys og fiber.

Auke i kraftforbruket

Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 64 000 kundar i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 2,4 %, og i 2016 vart det levert 1 742 GWh til sluttbrukarar mot 1 700,4 GWh i 2015. Mørenett hadde 197 fast tilsette og 13 lærlingar i 2016.