Konsernsjef Elling Dybdal i Tussa er nøgd med utviklinga i 2016 og gjev eigarane eit utbytte på 24,5 MNOK. (Foto: Tussa)

Rekneskapen for Tussakonsernet i 2016 viser samla driftsinntekter på 890,6 mill. kr og eit driftsresultat på 197,5 mill. kr. Resultatet er mykje betre enn i 2015, og hovudårsaka er eingongseffektar innanfor forretningsområdet kraftnett og høgare kraftprisar.

Kelde: Tussa

Innanfor drifta har Tussa ei auke i omsetninga med 128,7 mill. kr (16,9 %) frå 2015 til 2016.

Resultat frå dei ulike delane av konsernet

Tussa produserte 681,3 GWh (758,4) elektrisk kraft i 2016. Den gjennomsnittlege spotprisen gjennom året i området vårt var 26,6 øre/kWh (19,0). Dette ga eit driftsresultat på 75,2 mill. kr (60,8) for kraftproduksjonen og engrosverksemda. Resultat før skatt vart 58,8 mill. kr (47,1).  Tal for 2015 i parentes.

Forretningsområdet kraftsal hadde eit driftsresultat på 3,9 mill. kr (3,0), og eit resultat før skatt på 4,0 mill. kr (3,6).

Forretningsområdet installasjon leverer positive resultat trass i at aktiviteten i marknaden har vore lågare i 2016 enn normalt. God ordreinngang gjennom året ga eit driftsresultat på 3,2 mill. kr i 2016 (6,6).

Forretningsområdet IKT hadde omsetningsvekst både på kommunikasjons- og IT-produkt i 2016. Driftsresultatet vart 9,7 mill. kr (8,1), medan resultatet før skatt vart på 3,2 mill. kr (5,0).

Tussa eig 46,34 % av Mørenett AS, og Tussa sin del av Mørenett hadde eit driftsresultat på 114,0 mill. kr i 2016 (33,4). Resultat før skatt vart 107,9 mill. kr (24,1). Grunnen til at resultatet er vesentleg betre enn for 2015 er eingongseffekt med årsak i nettsamanslåinga mellom Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS i 2014, og at den ordinære inntektsramma for 2016 vart større enn normalt.

Utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 24,5 mill. kr til utbyte i 2016, i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 % av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata. Utbytet utgjer 8 080 kr pr. aksje.

Investeringar

Tussakonsernet investerte for 191,7 mill. kr i 2016. Dei største investeringane er gjort innanfor fiber og nettanlegg.