I går vart kabelutleggingskipet NKT Victoria kåra til Årets skip 2017 under det pågående NOR-shipping arrangementet på Lillestrøm.

Kabeluteggingsfartøyet NKT Victoria er kåra til ‘Ship of the Year 2017’. Det var Arbeids- og sosialminister Anniken Haugli som annonserte vinnaren og delte ut prisen på den internasjonale NorShipping-messa på Lillestrøm i går.

Kelde: Nor-Shipping

Prisen vart utdelt til reiarlaget NKT v/konsernsjef Michael Lyng, skipsbyggar Kleven v/konsernsjef Ståle Rasmussen, designselskapet Salt Ship Design v/adm.dir. Arne Stenersen og kaptein på NKT Victoria, Svein Ole Sæter.

– NKT Victoria er eit fartøy spekka med det ypperste av innovasjon og kapasitet, og kabelleggingsfartøyet representerer den beste kompetansen ein har innan norsk skipsbygging og -design, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Eg er stolt over at NKT Victoria er kåra til årets skip. Fartøyet er eineståande, ikkje berre innan sitt segment i shippingindustrien, men også i kabelindustrien. Med dette fartøyet kan vi no tilby kundane våre komplette kabelløysingar, frå design og produksjon til installasjon og service – som ein av svært få kabelleverandørar i verda, sa Michael Lyng, konsernsjef i det internasjonale selskapet NKT, med base i Danmark.

– I Kleven er vi stolte skipsbyggjarar i dag, og det er veldig kjekt å få ei slik verdsetting som dette. Dette prosjektet er eit godt eksempel på styrken i norske skipsdesign og skipsbygging. Nært samarbeid mellom aktørane har resultert i eit framtidsretta og svært innovativt fartøy, sa Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

– Det å bygge NKT Victoria, eit av verdas mest avanserte og drivstoff-effektive kabelleggingsfartøy, har vore eit krevande prosjekt, og det første av denne typen fartøy vi har bygd. Men i Kleven er vi vane med å handtere ‘første’. Det er slik du overlever i denne bransjen – med å ha kunnskapsrike og erfarne tilsette som grip alle utfordringar som vert lagt framføre dei, sa Rasmussen.

– Det er ei ære at NKT Victoria har blitt tildelt denne prisen, og våre skipsdesignerar har verkeleg sett pris på å vere del av det gode lagarbeidet som ligg bak dette flotte fartøyet. Det å samarbeide tett med NKT – ein internasjonalt leiande aktør innan kabelindustrien, og dei førsteklasses skipsbyggarane i Kleven, har resultert i eit spesialfartøy med imponerande operasjonelle funksjonar. Dette gode samarbeidet har gitt eit svært godt resultat, sa Arne Stenersen, adm.dir. i Salt Ship Design.