sognekraft
Sognekraft vant fram med sin klage på Statnetts tidsbruk. Illustrasjonsfoto.

Har du opplevd at du vert ringt opp av kraftleverandørar med svært gode tilbod på straumpris? Og at dei seier dei samarbeider med Sognekraft? I så fall tyder alt på at nokon prøver å bløffa deg og lura deg til å bli kunde på falske vilkår.

Kelde: Sognekraft

Fleire av våre kundar i Sognekraft har teke kontakt og fortalt at dei har vorte oppringt av kraftleverandørar som fortel at dei kan tilby alt på ein faktura til ein betre pris, og at dei samarbeider med Sognekraft om dette.

  • Eit slikt samarbeid har me ikkje med nokon, så dei kraftleverandørane som seier dette snakkar usant, seier Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft.

Det desse kraftleverandørane spelar på, i tillegg til å lova deg at du sparer pengar på deira produkt, er at dei samarbeider med lokale kraft- og nettselskap som Sognekraft. Dei får det nesten til å høyrast ut som dei opererer på vegner av Sognekraft, noko som altså er langt unna sanninga.

Det einaste som har eit snev av sanning i seg i denne samanhengen er at du som straumkunde i framtida vil kunne få både nettleige og straumbruk på ein faktura, sjølv om du kjøper kraft hjå eit anna selskap enn det som leverer straumen til deg (nettselskapet). Dette er bestemt av sentrale styresmakter, men har ikkje noko med faktura- eller prissamarbeid mellom ulike kraftleverandørar og nettselskap å gjere. Det ligg og eit stykke fram i tid før dette er på plass hjå alle kraftleverandørar.

  • Det viser seg diverre at det er ein del useriøse aktørar i kraftmarknaden som prøver å skaffa seg kundar og inntekter på falske vilkår. I svært mange av tilfella me får kjennskap til viser det seg at kundane får langt dårlegare tilbod enn dei har hjå oss i dag, men pakka inn i fine ord, seier Undebakke.

I Sognekraft har me fleire døme på kundar som har lete seg overtala til å byta kraftleverandør med lovnad om at dei vil spara pengar, men så viser det seg at det stikk motsette er tilfelle.

  • Sognekraft skal vera konkurransedyktige og ærlege. Som straumkunde hjå oss skal du vita kva du får. Me driv ikkje med skjulte påslag og tenester du ikkje har bruk for, seier marknadssjef Trude Undebakke.