Kontrakten på totalleveranse til Tokagjelet kraftverk er eit historisk gjennombrott for Energi Teknikk med samarbeidspartnarar. (Foto: Energi Teknikk)

Historisk for Energi Teknikk

Ny samarbeidsmodell gjev oppdrag for fleire lokale selskap etter at Clemens Kraft og Energi Teknikk har einast om leveransar for Tokagjelet kraftverk i Norheimsund
Onsdag, 5 desember, 2018 - 08:57

Kelde: Energi Teknikk

Clemens Kraft og Energi Teknikk inngjekk torsdag i førre veke avtale om bygging av Tokagjelet kraftverk. For begge partar er dette ein historisk leveranse ettersom den av omsyn til storleik er det største anlegget dei har levert. For Energi Teknikk er dette også ein ny leveransemodell kor ein tek ansvaret for heile leveransen av kraftverket, ikkje berre turbinutstyret slik turbinleverandøren frå Rosendal vanlegvis gjer.

– Her skal vi levera heile kraftverket, det betyr at vi skal levera inntakskonstruksjonen, vassvegen som skal gå i tunell, kraftstasjonen og sjølvsagt turbinutstyret, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk.

Han er stolt over det dei har fått til, men understrekar at dette er ein siger dei deler med fleire.

– Det heile starta då kunden var ute med fleire førespurnader samstundes. Energi Teknikk rekna på turbinutstyret og det var fleire entreprenørar som rekna på ulike delar av anleggsarbeidet. Vi kom i dialog med Hardanger Maskin frå Utne, dei vurderte å tilby delar av anleggsarbeidet. Vi diskuterte ulike løysingar for å optimalisera anlegget for å utarbeida eit konkurransedyktig tilbod. Dette enda i ein totalleveranse kor Energi Teknikk og Hardanger Maskin skal samarbeida om leveransen.

TBM-teknologi

Hardanger Maskin har erfaring med bruk av TBM (tunellboremaskin) til bygging av vasstunell for kraftverk. Det er denne teknologien som skal nyttast på Tokagjelet. TBM-teknologi og brei røynsle frå mange turbinleveransar frå Energi Teknikk gjorde sitt til at Clemens Kraft til slutt enda på modellen frå dei to vestlandsleverandørane.

– småkraftkompetansen frå Energi Teknikk saman med TBM-kompetansen frå Hardanger Maskin vart nok avgjerande for at vi vart den føretrekte leverandøren til Tokagjelet, meiner Steinsvik.

No startar den verkelege jobben kor anlegget skal byggast og utstyr skal produserast og setjast i drift.

– vi startar opp med jobben med ein gong og byggetida er rekna til å vera om lag 28 månader, fortel Steinsvik.

Anerkjend turbinleveranse

Energi Teknikk utvidar med denne kontrakten sitt leveringsomgfang ut over definisjonen «småkraft», dette er ei anerkjenning av Brekketurbinen som selskapet har levert større og større versjonar av dei siste åra.

– våre ingeniørar har levert gode referansar dei siste åra og turbinteknologien vi leverer viser seg å vera konkurransedyktig og etterspurd, fortel Steinsvik

Kontrakten er den desidert største i selskapet si historie. Partane er einige om ikkje å gå ut med kontraktsverdi, men dei fleste skjønar jo at dette er eit betydeleg løft for Energi Teknikk, seier ein nøgd Steinsvik.

Tokagjelet kraftverk:

  • Leveranse: Utførelsesentreprise for bygging av inntak, vassveg i fjell utarbeidd med TBM, kraftstasjon, komplett elektromekanisk utrustning med to Brekke Peltonturbinar med 13,45 MW effekt kvar.
  • Årleg produksjon er berekna til 76 GWh
  • Eigar: Clemens Kraft
  • Plassering: Kvam herad, Hordaland
  • Levering: Vinteren 2020/2021

Energi Teknikk i korte trekk:

Energi Teknikk AS vart etablert i 1998 og er i dag ein totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen. Verksemda tilbyr også service- og vedlikehaldsavtalar til småkraftverk, med døgnopen vakttelefon.

Selskapet har 18 tilsette innan administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon, og er lokalisert i Rosendal i Kvinnherad kommune, Hordaland. Kompetansesenteret samlar kunnskapen og erfaringa frå 150 leverte anlegg gjennom to tiår. Her har ein bygt opp leiande kompetanse på både oppføring og drift av småkraftanlegg. Selskapet har utvikla eigne turbindesign og kontrollanlegg, og har solid kompetanse på berekningar og strømningsoptimalisering.

Energi Teknikk har levert elektromekanisk utrusting til over 150 småkraftanlegg i Noreg, samt fleire i utlandet. Selskapet har ein marknadsandel på rundt 30 % i Noreg, og omsette i 2017 for 84 MNOK. Ordrereserven er på om lag 105 MNOK.

 

På forsiden nå

9 prosent av kraften er «fornybar» hvis man ikke kjøper opprinnelsesgarantier.
Generalforsamlingen i Sunnfjord Energi Holding vedtok onsdag full fusjon med BKK.
NVE vil at kundene skal få tilbake pengene automatisk.
Siri Langangen (44) er ansatt som ny HR-direktør i Statkraft. Hun kommer fra stilling som seksjonsleder i HR i DNB.
En større del av nettselskapenes inntekter skal gjøres avhengig av effektivitet.
Kartlegging av fugletrekk med spesialiserte fugleradarer kan forhindre fugledød i de nye, store vindkraftutbyggingene. Men NVE er tilbakeholdne med å sette krav.
Rainpower har av Statkraft fått i oppdrag å levere elektromekanisk utrustning til Løkaunet kraftverk og Vesle Kjela kraftverk.
Statkraft ber NVE endre regelverket for markedsmanipulasjon for å kunne utnytte arbitrasjemulighetene mellom de ulike markedene bedre.
Statnett og Svenska utvikler IT-løsninger for en ny nordisk balanseringsmodell for det nordiske synkronområdet.
Det ble i 2018 meldt inn 494 elulykker. 143 ble skadd, men ingen døde.
Enova får en milliard kroner til et nullutslippsfond for næringstransport, og innfører støtteordning for kjøp av batterielektriske varebiler.
Splittingen av interesse- og arbeidsgiverpolitikken i KS Bedrift har gjort at Distriktsenergi og KS Bedrifit Energi på ny vurderer å slå seg sammen.
Erik Knive (48) er ansatt som administrerende direktør i SN Power. Han tiltrer stillingen 1.juli.
Statnett har til hensikt å inngå avtale med Bouvet om utvikling og forvaltning av systemløsninger, ifølge Bouvet.
Opposisjonen ville ha naturressursskatt til vindkraftkommunene og ikke veldedige gaver, men nådde ikke fram. Hjemfall for vindkraft og kommunalt veto ble også stemt ned.
Et takbasert solcelleanlegg med årlig middelproduksjon på 2 GWh skal installeres på et nytt lagerbygg på Vinterbro i Oslo. Oppdragsgiver er REMA 1000.
Men beskyldningen om dette gjorde at vindkraftmotstanderne kunne avfeies som gale, ifølge aksjonsgruppa mot vindkraft på Frøya.
En robot som reduserer behandling av meldinger i Lyse Elnett fra flere uker til noen få minutter kan gi rundt 400 000 kroner årlig i reduserte kostnader.
Danske Ørsted er valgt til å bygge en havvindpark på 1100 MW utenfor kysten av New Jersey.
Jacobsen Elektro sliter økonomisk og har innført betalingsstopp. Arbeid legges ned flere steder i landet, blant annet på to Statnett-stasjoner.
Solkraft, vindkraft og batterier kan få verden på riktig vei mot togradersmålet, men etter 2030 kreves andre teknologier, ifølge en ny analyse fra BloombergNEF.
Om alle bygningene i Oslo får solceller på taket, vil etterspørselen etter effekt antakelig øke, selv om energiforbruket går ned, ifølge Statnett.
Men LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen vil ikke gripe inn.
Over halvparten vet ikke hvor mye strøm de bruker fra måned til måned. Likevel mener 6 av 10 at de betaler for mye, ifølge undersøkelse.