Kompetansearbeidsplassar i heile regionen og kraftig redusert nettleige er gevinsten dersom BKK og Sunnfjord Energi innleier samarbeid, meiner Jannicke Hilland, konsersjef i BKK. (Foto: BKK)

Store gevinstar av å samarbeide

Eit samarbeid mellom Sunnfjord Energi og BKK vil byggja kompetansearbeidsplassar i heile regionen, og hushalda i Sunnfjord kan sjå fram til i overkant av 4500 kroner i redusert nettleige kvart år dersom nettselskapa slår seg saman, skriv konsernsjef Jannicke Hilland i BKK.
Onsdag, 6 februar, 2019 - 08:42

Kelde: BKK

Sogn og Fjordane var først i verda med batteridriven ferje i 2014. I Hordaland var hurtigladestasjonen på Danmarks plass den største i verda då den vart opna i 2015. Når regionen vert samla i Vestland fylke neste år, kan det bli eit kraftsenter for elektrifiseringa av Noreg.

Vi må ta klimaansvar, samtidig som vi skal driva lønsam forretning. Vi har ein unik posisjon for å kunna bli det første landet i verda som erstattar fossil energibruk med fornybar energi. Og Vestland fylke vil ha eit fantastisk utgangspunkt for å kunna bli Norges kraftsentrum i dette skiftet. Den moglegheita må vi gripa.

Nye grøne arbeidsplassar
Hordaland og Sogn og Fjordane er størst på vasskraft i dag med rundt ein fjerdedel av den norske produksjonen. Energibransjen gjennomgår store endringar med ny teknologi, og nye aktørar som utfordrar dei tradisjonelle energiselskapa sine løysingar knytt til produksjon, transport og sal av fornybar energi. For Vestland fylke sin del trur vi at den beste måten å møte denne utviklinga på, er samarbeid gjennom eit stort energiselskap. Det vil gi oss enda sterkare kompetansemiljø og større finansielle musklar. Og større moglegheiter for nye grøne industriarbeidsplassar i vårt nye fylke.

I BKK har vi sett oss som mål å bli størst i Noreg på elektrifisering, og har no etablert ei eiga milliardsatsing på dette området. Bilpark, ferjer, skip, hamner, oppdrettsanlegg, tungtransport og luftfart skal over på straum. Vi ynskjer å spele på lag med andre næringar som treng hjelp med overgangen frå fossil energi til ei meir berekraftig energiforsyning. 

Lågare nettleige
Med ein fusjon mellom SFE og Sunnfjord Energi vil nettleiga vera på same nivå som i dag. I nettområdet til Sunnfjord Energi betaler ein gjennomsnittsfamilie i einebustad no om lag 15000 kroner i årleg nettleige (tal henta frå selskapa sine eigne nettsider). Den summen blir redusert med i overkant av 4500 kroner om nettselskapet slår seg saman med BKK. Næringslivet i Sunnfjord vil få betre konkurransevilkår når dei kan kutta energikostnadene sine gjennom lågare nettleige. Samla sett vil nettkundane til Sunnfjord Energi spara om lag 75 millionar kroner årleg om nettselskapet slår seg saman med BKK. Vi meiner dette vil vera eit langt betre alternativ enn fusjonsplanane mellom SFE og Sunnfjord Energi, som etter vårt syn vil slå dårlegare ut for både kundar og eigarar av dei to selskapa.

Lokal verdiskaping
For BKK er det viktig at ein fusjon ikkje berre skal gi synergiar og auka verdiskaping. Vi er også opptatt av at verdiskapinga skal bli fordelt rettferdig mellom dei to selskapa som fusjonerer. Det betyr at kompetansesenter for ulike fagområde vil bli delt mellom Bergen og Sunnfjord, og vi ynskjer å innleia ein dialog med Sunnfjord Energi om dette no.

BKK ynskjer å byggja kompetansearbeidsplassar i samarbeid med andre energiselskap, kommunar og andre næringar i heile regionen. Vi har verdiar for fire milliardar kroner i selskap i dagens Sogn og Fjordane. Investeringane er gjort fordi vi har tru på å utvikla lønsame arbeidsplassar i dette området. Det same har vi gjort i Hordaland. Formålet vårt er ikkje sentralisering, men å byggja arbeidsplassar i heile området vårt. Det er til dømes fleire arbeidsplassar i Nordhordland no, enn det var før kraftselskap i den delen av fylket slo seg saman med BKK. Vi samarbeider også med gründerverksemder for å stimulera til innovasjon og nyvinningar. Eit døme er Tibber, som har hovudkontor i Førde og vart kåra til årets gründerselskap i Sogn og Fjordane i 2018.

Vi forstår dilemmaet mellom å vera for seg sjølv eller bli ein del av noko større, men vi trur på verdien av samarbeid og ei sterk samanslutning. Vi var i utgangspunktet positive til fusjonsplanane mellom Sunnfjord Energi og SFE. Som eigar fekk vi presentert resultatet av prosessen i eit felles møte mellom styreleiarar og daglege leiarar i selskapa 3.januar i år. Der vart vi og førelagt ambisjonen om synergiar på 30-50 millionar kroner, men utan at vi fekk presentert konkrete tiltak for korleis ein skal redusere kostnadane i ein slik storleik. Difor meiner vi at det no er tid for å avslutta prosessen og sjå på andre løysingar som vil vere betre for kundar, eigarar og tilsette. Og som kan bidra til at Vestland fylke kan bli eit kraftsentrum i det grøne skiftet.

På forsiden nå

9 prosent av kraften er «fornybar» hvis man ikke kjøper opprinnelsesgarantier.
Generalforsamlingen i Sunnfjord Energi Holding vedtok onsdag full fusjon med BKK.
NVE vil at kundene skal få tilbake pengene automatisk.
Siri Langangen (44) er ansatt som ny HR-direktør i Statkraft. Hun kommer fra stilling som seksjonsleder i HR i DNB.
En større del av nettselskapenes inntekter skal gjøres avhengig av effektivitet.
Kartlegging av fugletrekk med spesialiserte fugleradarer kan forhindre fugledød i de nye, store vindkraftutbyggingene. Men NVE er tilbakeholdne med å sette krav.
Rainpower har av Statkraft fått i oppdrag å levere elektromekanisk utrustning til Løkaunet kraftverk og Vesle Kjela kraftverk.
Statkraft ber NVE endre regelverket for markedsmanipulasjon for å kunne utnytte arbitrasjemulighetene mellom de ulike markedene bedre.
Statnett og Svenska utvikler IT-løsninger for en ny nordisk balanseringsmodell for det nordiske synkronområdet.
Det ble i 2018 meldt inn 494 elulykker. 143 ble skadd, men ingen døde.
Enova får en milliard kroner til et nullutslippsfond for næringstransport, og innfører støtteordning for kjøp av batterielektriske varebiler.
Splittingen av interesse- og arbeidsgiverpolitikken i KS Bedrift har gjort at Distriktsenergi og KS Bedrifit Energi på ny vurderer å slå seg sammen.
Erik Knive (48) er ansatt som administrerende direktør i SN Power. Han tiltrer stillingen 1.juli.
Statnett har til hensikt å inngå avtale med Bouvet om utvikling og forvaltning av systemløsninger, ifølge Bouvet.
Opposisjonen ville ha naturressursskatt til vindkraftkommunene og ikke veldedige gaver, men nådde ikke fram. Hjemfall for vindkraft og kommunalt veto ble også stemt ned.
Et takbasert solcelleanlegg med årlig middelproduksjon på 2 GWh skal installeres på et nytt lagerbygg på Vinterbro i Oslo. Oppdragsgiver er REMA 1000.
Men beskyldningen om dette gjorde at vindkraftmotstanderne kunne avfeies som gale, ifølge aksjonsgruppa mot vindkraft på Frøya.
En robot som reduserer behandling av meldinger i Lyse Elnett fra flere uker til noen få minutter kan gi rundt 400 000 kroner årlig i reduserte kostnader.
Danske Ørsted er valgt til å bygge en havvindpark på 1100 MW utenfor kysten av New Jersey.
Jacobsen Elektro sliter økonomisk og har innført betalingsstopp. Arbeid legges ned flere steder i landet, blant annet på to Statnett-stasjoner.
Solkraft, vindkraft og batterier kan få verden på riktig vei mot togradersmålet, men etter 2030 kreves andre teknologier, ifølge en ny analyse fra BloombergNEF.
Om alle bygningene i Oslo får solceller på taket, vil etterspørselen etter effekt antakelig øke, selv om energiforbruket går ned, ifølge Statnett.
Men LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen vil ikke gripe inn.
Over halvparten vet ikke hvor mye strøm de bruker fra måned til måned. Likevel mener 6 av 10 at de betaler for mye, ifølge undersøkelse.