Skyss – Vestland fylkeskommune

Korleis skal vi skape løysingar for kollektivtrafikk og mobilitet som både ivaretek miljøet og behova til innbyggjarane?

Skyss skal gjennom framtidsretta mobilitetsløysingar utvikle berekraftige byar og bygder i Vestland! Vi har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise frå der dei er til dit dei skal. Dette gjer vi ved å utvikle og tilby attraktive kollektiv- og mobilitetstenester med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål. I dag utvikler vi tilbodet med buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke. Det ligg store oppgåver framfor oss både med å utvikle dette tilbodet vidare – og å etablere nye mobilitetsløysingar. Digital transformasjon gir nye moglegheiter for å utnytte store data og ny teknologi, og sy tenester saman på nye måtar til det beste for innbyggjarane i Vestland.

Til arbeidet med å utvikle kollektiv- og mobilitetstilbodet søker vi ein leiar med interesse og engasjement for berekraftig utvikling og gode mobilitetsløysingar. I stillinga vil du bidra til å forme kollektivtrafikk og mobilitetsløysningar for framtida.

Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Arbeidsoppgåver

Som leiar for faggruppa tilbodsutvikling vil du jobbe med strategisk utvikling og konkrete planar for det samla kollektiv- og mobilitetstilbodet i Vestland. Dette er eit tett samarbeid mellom avdelingsleiar, faggruppa og andre kompetansemiljø i og utenfor Skyss. Arbeidet inneber mellom anna utvikling av

  • linjenett med buss og bybane i Bergensområdet gjennom samarbeid i Byvekstavtalen
  • samanhengande regionalt kollektivnett som bind fylket saman med buss, båt og ferje
  • nye mobilitetsløysingar som «Hent meg», mikromobilitet, delingsløysingar og sjølvkjørande transport

Til stillinga ligg også oppgåver knytt til

  • nullsleppsløysingar for alle transportformer, gjennom t.d elektrifisering av buss og båttransport
  • bidrag til by- og samfunnsutvikling gjennom fysisk tilrettelegging for mobilitet og kollektivtrafikk, t.d  i byrom, knutepunkt, haldeplassar og terminalar
  • å bygge nettverk og ha dialog med sentrale samfunnsaktørar

Leiar for faggruppa vil ha personalansvar for medarbeidarane i gruppa og bidra til godt samarbeid med dei andre fagmiljøa i organisasjonen.

Fagområdet vårt er i rask utvikling, og du vil kunne få ei nøkkelrolle i å skape dei nye, gode løysingane som både tek omsyn til miljøet og til transportbehova til innbyggjarane.

Kvalifikasjonar

Vi ønsker kandidatar som har

  • høgare relevant utdanning, f.eks. mastergrad eller tilsvarande
  • erfaring med leiing i komplekse organisasjonar, evt. erfaring som prosjekt-/prosessleiar
  • god formidlingsevne, skriftleg og muntleg
  • kjennskap til Bergen og vestlandsregionen er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • brenn for berekraftig utvikling, og har engasjement for kollektivtransport og mobilitet
  • er interessert i ny teknologi, store datamengder (big data) og moglegheitene dette kan gje for analyse og innsikt
  • ønsker å leie og inspirere dyktige kunnskapsmedarbeidarar
  • er ein relasjonsbyggjar med evne og lyst til formidling
  • trivst med mange ballar i lufta, og likevel evner å behalde struktur og oversikt
  • er fleksibel og samarbeidsorientert
  • kan omsette strategiske mål i konkrete resultat.
Vi tilbyr
  • ei unik moglegheit til å forme eit godt kollektiv og mobilitetstilbod i heile Vestland fylke
  • eit godt miljø med fagleg sterke og engasjerte kollegaer
  • gode og stabile arbeidstilhøve i Vestland fylkeskommmune
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Stillinga er ei fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune
  • Stillinga har kontorstad på Sandsli i Bergen, fram til nytt fylkesbygg i Bergen sentrum står klart
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon:

Gudrun Einbu, avdelingsleiar transporttilbod,  tlf  99158084, LinkedIn Profile

Kari Steinsland, avdelingsleiar mobilitetstenester, tlf 90837465,  LinkedIn Profile

Søknadsfrist: 18.05.2021

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommun

Stillingstittel: Faggruppeleiar tilbodsutvikling

SØK PÅ STILLINGA