Lite nedbør, høge råvareprisar i Europa og flaskehalsar i straumnettet pressar straumprisen opp, men det er ingen grunn til panikk. I høve til årstida er prisane ikkje spesielt høge. (Illustrasjonsfoto: Agder Energi)

Dei siste vekene har prisen på den norske kraftbørsen Nord Pool gått kraftig oppover. Oppgangen har vore ekstra stor i Midt-Noreg, i det som heiter prisområde NO3.

Kelde: Tussa

Årsaken til prisauken er lite nedbør, høge råvareprisar i Europa og flaskehalsar i straumnettet. Men trass i prisauken er prisane likevel ikkje spesielt høge for årstida.

Tørt og kaldt vêr, og europeiske kolprisar

Prisauken skuldast i hovudsak tre faktorar. Den eine er det fine haustvêret vi har kunna gledd oss over den siste tida. Lite nedbør i ein vanlegvis regnvåt oktobermånad har tært på vassmagasina. Vassmangelen gjer at kraftprodusentane må halde att på produksjonen, og dermed aukar prisane.

Den andre faktoren er at tyske og andre europeiske kraftprisar – som allereie har vore høge i lang tid – no har vorte enda høgare grunna ein auke i prisen på kol, gass og CO2-kvoter. I og med at vi er knytte saman med den europeiske kraftmarknaden, verkar dette også inn på våre prisar. Her i vårt prisområde (NO3) har vi lenge hatt om lag same pris som Sverige og landa rundt Østersjøen. Dette skuldast at Midt-Noreg har gode overføringslinjer for kraft mot Midt-Sverige, slik at krafta kan flyte relativt fritt mellom desse områda. Nokre timar på døgnet importerer Noreg kraft frå Sverige, og andre timar eksporterer vi kraft til Sverige. Ein slik kraftbalanse gjer også at prisane blir balanserte og samkøyrde.

Flaskehalsar i straumnettet

I Sør-Noreg (prisområde NO1), på Vestlandet (NO2 og NO5) og i Nord-Noreg (NO4) har situasjonen vore annleis. Jamt over har desse prisområda hatt mellom 5 og 10 øre lågare straumpris per kilowattime (kWh) enn oss heilt sidan i vår. Dei sørlege og vestlege delane av landet har hatt svært mykje nedbør i år. Sidan mange av dei store kraftverka i Sør-Noreg er elvekraftverk som ikkje kan samle opp vatnet, har det gitt stor kraftproduksjon. Samstundes har kraftlinjene inn og ut av områda hatt for liten kapasitet til å eksportere ut all overskotskrafta. Mellom anna har feil på ein stor kraftkabel under Oslofjorden gjort at eksporten frå Sør-Noreg til Sverige har vore meir enn halvert. I tillegg ventar vi framleis på den nye kraftlinja som skal knyte saman Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I Nord-Noreg har vêrtilhøva vore meir normale, men også her er det problem med overføringslinjene. Kraftlinja mellom vårt område (NO3) og Nord-Noreg (NO4) skal oppgraderast og har derfor redusert kapasitet. Også linjene mellom Nord-Noreg og Sverige er under utbetring.

Når slike situasjonar oppstår, der eit prisområde har meir kraft enn dei treng sjølv og kraftlinjene ikkje klarer å ta unna overskotet, seier ein gjerne at det oppstår «flaskehalsar» i kraftnettet. Dette er den tredje faktoren som påverkar kraftprisen. For oss her «i midten» har dette dobbelt uheldige konsekvensar: Vi har for lite vatn i magasina våre, og utan flaskehalsane hadde vi hatt ein mykje tryggare forsyningssituasjon, der vi kunne spare på vatnet i tilfelle vinteren skulle bli kald og med lite nedbør. I tillegg ville krafta utan flaskehalsane kunne flyte frå overskotsområda og inn i dei andre prisområda. Det ville senke snittprisen (også kalla systemprisen) på kraft, noko som ville gi billegare kraft både i Sverige og her hos oss.

Håp om betring

Heldigvis er det håp om at problema med flaskehalsar i straumnettet for vårt område skal betre seg om ikkje så lenge. Statnett meiner at dei skal få på plass både linjene nordover og sørover innan desember i år, og slik gi oss ein tryggare leveringssituasjon.

I dag plaskar regnet ned ute, og vi får kanskje håpe på enda meir nedbør i tida framover – sjølv om det betyr færre fjellturar i vakkert haustvêr.

Likevel ikkje unormalt

Men sjølv om prisane har gått mykje opp i det siste er det ingen grunn til å få panikk. Sidan prisen på kraft har vore svært låg dei siste to åra, er den prisen vi no ser – trass i prisauken – ikkje spesielt høg i høve til årstida. Og framleis er kraftprisen i Noreg lågare enn i dei fleste land i Vest-Europa.