Samanlikna med fyste halvår 2015 forbetra Sognekraft tilsvarande resultat for 2016 med 5,8 MNOK. (Illustrasjonsfoto: Sognekraft)

Ved utgangen av første halvår 2016 hadde Sognekraft- konsernet ein omsetning på 152,9 mill. kr og eit resultat etter skatt på 14,2 mill. kroner.

Kelde: Sognekraft

Morselskapet hadde i same periode ein omsetning på 140,2 mill. kr og eit resultat etter skatt på 12,6 mill. kr. Resultatet for konsernet er 5,8 mill. kr høgare enn tilsvarande periode i 2015. Dette skuldast fyrst og fremst høgare kraftprisar og kraftproduksjon, samt ei høgare inntektsramme enn fjoråret.

Sognekraft- konsernet består av morselskap Sognekraft AS og døtre Vadheim Kraft AS (100%), Vik Industrier Eigedom AS (100%), Offerdal Kraftverk AS (80%), Feios Kraftverk AS (70%), Fjærland Kraft AS (100%) og Sognenett AS (70%). I tillegg inngår Nydalselva Kraft AS (50%) som tilknytta selskap (TS).

I Nydalselva Kraft AS inngår Timbra Kraft AS som er 100% eigd av Nydalselva Kraft AS, samt Indrebø Kraft AS og Helgheim Kraft AS som er beslutta fusjonert inn i Nydalelsva Kraft AS. I løpet av året har Nydalelva Kraft kjøpt 51% av aksjane i Sandal og Fossheim Kraft AS, samt at dei har inngått ein kjøpsavtale på Steinsvik Kraftverk.