
Utgreier tettare samarbeid
BKK og Sogn og Fjordane Fylkeskommune er samde om å greie ut moglegheitene for eit tettare samarbeid mellom produksjonsverksemdene i SFE og BKK.
Kelde: BKK
Då Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar vedtok intensjonsplanen om å slå seg saman til éin region, var det semje om å halde verdiane av Sogn og Fjordane Energi (SFE) utanfor etableringa av den nye regionen. Fylkeskommunen arbeider no med å greie ut ulike modellar for å sikre at verdiane i SFE-eigarskapen kan bli verande i dagens Sogn og Fjordane fylke.
Samstundes vurdere BKK sin strategi for selskapa som inngår i Vestlandsalliansen, herunder om mogleg å få til ei tettare samordning av produksjonsverksemdene.
Som ei følgje av desse pågåande prosessane har dei to største eigarane av kraftkonsernet, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (48,15%) og BKK (38,54%), blitt samde om å greie ut framtidig organisering av den eksisterande og framtidige produksjonsverksemda i SFE. Ein del av utgreiingsarbeidet vil sjå nærare på ei tettare samordning av BKK og SFE sine selskap for kraftproduksjon.
– Det har vore viktig i regionsprosessen at Sogn og Fjordane får ta del i den framtidige verdiskapinga i SFE. Vi vurderer ulike modellar som kan sikre dette, og nemnde utgreiingsarbeid vil kunne bli eit viktig bidrag inn i den pågåande fylkeskommunale prosessen, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen.
Fleire moglegheiter
Konsernsjef Jannicke Hilland i BKK er glad for at SFE og BKK no skal utgreie tettare samarbeid mellom selskapa.
– Både marknaden og rammevilkåra endrar seg raskt. Då må vi som selskap også endre oss. Difor vurderer vi ulike alternativ for samarbeid innan vasskraftproduksjon. For oss er det viktig å leggja til rette for gode kompetansemiljø, effektiv drift og auka verdiskaping. Vi må finne løysingar som sikrar verdiar og arbeidsplassar i heile regionen, seier Jannicke Hilland.
I SFE peikar konsernsjef Johannes Rauboti på at dei har ein god dialog med sine eigarar, og at dei stiller seg positive til den utgreiinga dei to største eigarane no ønskjer.
– Den beste måten vi kan sikre arbeidsplassar og verdiskaping inn i framtida er å drive effektivt og vere best mogleg skodd for utvikling. Med den utviklinga som skjer i energisektoren, er det naturleg å orientere seg om moglegheiter for samarbeid med selskapa rundt oss. Vi vil derfor være opne for å finne gode samarbeidsløysingar både med BKK og kraftselskapa i Sogn og Fjordane, seier Rauboti.