Fleire strukturelle bevegelser er på gang i energibransjestrukturen på Vestlandet. Nå er det Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som vurderer tettare samarbeid. (Foto: Sunnfjord Energi)

For å møte endringane i energisektoren og stå best rusta for framtida, vurderer Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi å arbeide tettare saman.

Kelde: Sunnfjord Energi

Endringar i regelverk og rammevilkår har dei seinare åra ført til fleire samanslåingar i den norske kraftnæringa. Styresmaktene har uttrykt forventningar om færre selskap, og samstundes har mange av selskapa sjølv ønskt endra strukturar i møte med framtida. 

No har dei to største kraftselskapa i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi, innleia samtalar om eit tettare samarbeid. Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, trur endringane i marknaden kan by på auka verdiskaping for dei selskapa som tek ei aktiv rolle i møte med endringane.   

– Vi meiner vi rustar oss best for framtida ved å tenke utvikling og samarbeid. Det gjeld mellom anna korleis vi tek i bruk nye teknologiar og digitale løysingar og korleis vi kan levere kvalitet stadig meir kostnadseffektivt. Det er naturleg å sjå om vi kan oppnå dette gjennom tettare samhandling med selskap rundt oss, seier Rauboti.  

Lokal verdiskaping viktig

Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, seier lokal verdiskaping og eigarskap til naturressursane er viktig i eit fornybarfylke som Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane er eit av dei viktigaste områda for fornybar energi i Noreg. Vi er opptekne av lokal kontroll med viktig infrastruktur, verdifulle naturressursar og viktige arbeidsplassar også i framtida, seier Behrens. 

Dei tilsette i selskapa er informerte om samtalane som pågår, og arbeidsgrupper med representantar frå begge selskap er i gang med å sjå på kva potensial som ligg i auka samhandling. Behrens er klar på at dei er opne for ulike modellar. Samanslåing er ikkje målet, men framtidsretta samhandling som gir betre økonomi og billigare og betre tenester til kundane.

– Førebels er vi opne for ulike måtar å samarbeide tettare på. Vi har lenge hatt godt samarbeid med SFE og det er naturleg å undersøke moglegheitene her først.  Om begge selskapa og våre eigarar skulle finne ut at felles selskap tener oss og kundane best, så vil vi sjå positivt på det, men det kan også resultere i at vi samarbeider tettare på utvalte områder, seier Behrens.

Fleire samtalar

Samstundes som SFE og Sunnfjord Energi utgreier tettare samarbeid, er det liknande samtalar mellom SFE og BKK om produksjonsverksemdene, som partane informerte om i pressemelding 23. mars. Desse prosessane er starta og blir gjennomført uavhengig av kvarandre.