
Beste kundesenter på energi
Kundeserviceprisen "Best i test" vart delt ut under Call Center-dagane. Tussa vann prisen for beste kundesenter innanfor kategorien energi.
Kelde: Tussa
– Dette er kjekt! Det er viktig for oss at kundane våre er fornøgde. Straumprodukt er ganske like uavhengig leverandør, både når det gjeld kvalitet og pris. Det å ta godt vare på kundane ved å yte god service, innfri kundane sine forventningar og dekke behova deira, er difor svært viktig. Prisen stadfestar at vi jobbar godt med kundeservice, og vi vil halde trykket oppe for å bli enda betre, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.
Kundane kom enkelt fram til rett kundehandsamar, som var gode til å lytte og avdekke kundane sine behov. Dei viste god produktkunnskap og ga gode løysingar, heiter det i grunngjevinga til at Tussa fekk prisen som beste kundesenter innanfor energibransjen.
Call Center-dagane er Nord-Europas største konferanse innanfor kundeservice. Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice innanfor 16 ulike kategoriar. I år var heile 132 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane.