Det er i vakre Bindal kommune i Nordland NVE har gjeve Plathes eiendommer løyve til å bygge Terråk kraftverk. (Foto: Wikipeda)

NVE gjev Plahtes Eiendommer løyve til bygging av Terråk kraftverk i Bindal kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 29 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1500 husstandar.

Kelde: NVE

Terråk kraftverk vil nytte eit fall på 125 meter i Terråkelva frå inntaket i Nervatnet til utløp ved Hellifossen. Vassvegen vil bli tunnel og nedgravd røyr. Nervatnet vil bli inntaksmagasin og vil regulerast med to meter.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Terråk kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med små og avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for landskap og naturmangfaldet langs elva, og elvestrekket frå Nervatnet til Hellifossen vil få merkbart mindre vassføring i store deler av året. Med slepp av minstevassføring vil desse ulempene etter vårt syn vere akseptable. 

Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner vi at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser. Vi gjev difor løyve til Terråk kraftverk på nærare fastsette vilkår.