Styret i Fitjar Kraflag, her illustrert med Fitjar sentrum, går inn for å selge nettverksemda til Haugaland Kraft. (Foto: Wikipeda)

Styret i Fitjar Kraftlag innstiller på sal av nettverksemda til Haugaland Kraft.

Kelde: Haugaland Kraft

Haugaland Kraft AS og Fitjar Kraftlag SA gjekk tidligare i år i forhandlingar om ein avtale om aksjebyte der ein ynskjer å konvertera Fitjar Kraftlag sin eigarpost i SKL til eigarskap i Haugaland Kraft. Styret i Fitjar Kraftlag innstiller nå på sal av nettverksemda til Haugaland Kraft mot eigarskap i Haugaland Kraft.

For straumkundane på Fitjar vil overgangen til Haugaland Kraft bety ein reduksjon i nettleige på mellom 5000 til 6000 kroner årleg. Totalt vil kundane spare mellom 14-15 millionar kroner. Reduksjon i nettleiga vil også styrke konkurranseevna til lokal industri.

Den nye energilova krev større skilje mellom kraftproduksjon, anna verksemd og nettverksemd i kraftselskapa som gjer det vanskeleg for Fitjar Kraftlag å drive som før. I tillegg til stadig nye krav og endringar i rammevilkår frå NVE, og endringar og trendar i samfunnet og bransjen elles, blir det meir og meir krevjande for kvart år som går. – For eit lite selskap som Fitjar Kraftlag vil desse endringane gjere det veldig fordyrande for oss, seier styreleiar Agnar Aarskog. Det har ført til at styret i selskapet no innstiller på å selje nettverksemda til Haugaland Kraft. Dermed vil Fitjar Kraftlag frå neste år drive med produksjon, sal av straum og breiband. Fitjar Kraftlag vil bestå som eit aktivt selskap.

– Me vil ha økonomiske musklar til å vere ein pådrivar for samfunn- og næringsutviklinga i Fitjar. Samtidig som me vil gje kjøpsutbyte til eigarane og dela ut midlar til ålmennyttige føremål, uttalar styreleiaren og legg til: – Å ivareta kundane har vore viktig i desse prosessane, både med tanke på leveringssikkerheit, service og kostnader med fordelingsnettet (nettleiga). Verdiane som er bygd opp lokalt igjennom 80 år i Fitjar Kraftlag må takas vare på for vidare utvikling på ein mest optimal måte. Med denne avtalen har me sikra kundane, arbeidsplassar, tatt vare på dei tilsette og eigarinteressene, seier Aarskog.

– Kraftbransjen står ovanfor store strukturelle endringar og behovet for investeringar i nettet er store i de kommande år, uttaler konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga. Han peikar på at salet av nettet inn i Haugaland Kraft vil sikre og styrke både regionalnettet og distribusjonsnettet. – Haugaland Kraft vil også tilføra regionalnettsoppgåver og tilsynsoppgåver til Fitjar, som igjen vil tryggje arbeidsplassar og kompetansemiljøet i området, seier Linga.

Endelig vedtak vil bli foretatt i et ekstraordinært årsmøte i Fitjar Kraftlag og ekstraordinær generalforsamling i Haugaland Kraft.