Tussa kraftverk august 2018: Dei gamle løpehjula står framleis i stasjonen, fremst på biletet. (Foto: Tussa)

Tussa kraftverk har blitt oppgradert med nye turbinar og ny teknologi. Etter fem månader med produksjonsstopp, er kraftverket no tilbake i ordinær drift.

Kelde: Tussa

Tussa kraftverk er det største av Tussa sine 21 vasskraftverk. I mars starta Tussa å demontere kraftverket. Dei to aggregata har blitt plukka frå kvarandre, nye turbinhjul er sett inn, konstruksjonen er forbetra og kraftverket har fått nye system for overvaking, styring og regulering.

Arbeidet har vore omfattande, men så er også gevinsten stor. Oppgraderinga gir ein auke i kraftproduksjonen på 12 GWh (12 millionar kilowattimar) kvart år. Det tilsvarar årsforbruket til om lag 600 bustadhus. 

Etter oppgraderinga er normalproduksjonen ved Tussa kraftverk 276,4 GWh.