
For mykje av det gode
Grunna vind og store nedbørsmengder i kombinasjon med stor bresmelting er det flaum i Veistastrondsvatnet og Hafslovatnet. Sognekraft slepper så mykje vatn som mogleg i Årøyelvi, men dette er ikkje nok til å unngå at vatnet no er noko over høgste regulerte vasstand.
Kelde: Sognekraft
Vi i Sognekraft seier oss lei for situasjonen som har oppstått og forsikrar at vi gjer alt vi kan for å bøte på situasjonen ved å sleppe så mykje vatn som mogleg utanfor kraftstasjonen i Årøy. Med andre ord slepper vi så mykje vatn som vassdraget tillet.
Vi har varsla Luster kommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om stoda og faren for flaum i vassdraget. Sognekraft har gjennom fleire døger no prøvd å førebyggja den situasjonen som har oppstått med høvesvis ekstremt store mengder smeltevatn og nedbør i form av regn i nedslagsområdet til Årøyvassdraget. At vi var såpass tidleg ute med å sleppa vatn forbi vassvegen til kraftverket i Årøy, har heilt klart hatt ein avdempande effekt, men altså ikkje nok til å unngå ein flaumsituasjon.
Det er restane etter den tropiske orkanen Helena som har gjort seg gjeldande også her i Sogn. Så snart vêrmeldingane tok høgde for dei høge temperaturane og nedbørsmengdene som følgjer av dette uvêret, sette Sognekraft inn tiltak.
Vi i Sognekraft seier oss lei for dei følgjene ein flaum får for folks som bur tett ved Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet.