Fornøyde smil fra adm.direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi (t.v.) og konsernsjef Johannes Rauboti i SFE da utbygginga av Jølstra Kraftverk vart påbegynt i forrige veke.

Torsdag sist veke gjekk første salva på utbygginga av Jølstra kraftverk. Når kraftverket står klart i løpet av 2020 vil det produsere straum tilsvarande forbruket i rundt 12 000 heimar.

Kelde: SFE

Administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi legg ikkje skjul på at det er godt å kome i gang med prosjektet.

– Som med alle kraftutbyggingar tek det gjerne lang tid frå ideen er forma til ein kan sette spaden i jorda. Det gjer det berre desto meir gledeleg å sette i gang med eit såpass stort og viktig prosjekt for begge eigarselskapa, seier Behrens.

Det er Sunnfjord Energi som har arbeidd fram prosjektet. Før sommaren fekk dei med seg SFE, og selskapa skal eige halvparten kvar av kraftverket.

For tida er dei to selskapa i fusjonsforhandlingar. Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE, har god tru på eit tettare samarbeid mellom selskapa.

– Å gjennomføre så store prosjekt som Jølstra kraftverk er utfordrande åleine. Saman kan vi løfte nok kapital til å realisere store prosjekt. No kan vi også trekke på kompetanse frå begge selskap, både når det gjeld prosjektering, utbygging, drift og ikkje minst HMS, seier Rauboti.

Jølstra kraftverk er kostnadsrekna til 700 millionar kroner, og skal vere i drift i løpet av 2020.