Frå Sognekraft overtek Clemens Kraft seks småkraftverk i Fjærlandsfjorden med en samla produksjon på 125 GWH. (Foto: Sognekraft)

Clemens Kraftverk AS, eit selskap i Clemens Kraft Gruppen, har signert ein avtale med Sognekraft AS om å overta 6 småkraftverk i Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune.

Kilde: Sognekraft

Samla normalproduksjon ved desse kraftverka er 125 GWh. Dette tilsvarar forbruket til vel 6 000 husstandar. Kraftverka vert overtekne med verknad frå 31. desember 2018.

Samstundes har partane inngått ein langsiktig avtale om drift av vasskraftverk i regionen, der Sognekraft skal stå for drifta av desse 6 kraftverka.

– Vi er svært godt nøgde med avtalen, og det langsiktige samarbeidet med Sognekraft, seier adm. dir. Børge Edvardsen Klingan i Clemens Kraft. – Sognekraft og Clemens Kraft er begge solide aktørar i bransjen, og den nye avtalen inneber eit industrielt viktig samarbeid.

Etter dette oppkjøpet har Clemens Kraft ein årleg produksjon på ca 450 GWh frå 35 kraftverk i drift. I tillegg har selskapet 10 kraftverk under bygging og ei rekke prosjekt under klargjering for byggjestart. Clemens Kraft har som målsetnad å produsere minimum 600 GWh innan utgangen av 2021. Selskapet er eit dotterselskap av Opplysningsvesenets fond (OVF), som eig 50,1% av selskapet. Sveitsiske CPV/CAP Pensionskasse Coop eig de øvrige 49,9 % av aksjene. Clemens Kraft har hovudkontor i Oslo og er i dag mellom dei største eigarane og utbyggjarane av småkraftverk i Norge.

– Eg er svært glad for denne avtalen med Clemens Kraft, der vi i Sognekraft skal stå for drifta av dei seks kraftverka. Vi ser fram til eit langsiktig samarbeid med Clemens Kraft, om utvikling og drift av kraftverk i regionen, sier Terje Bakke Nævdal, adm. dir. i Sognekraft.

Sognekraft har si hovudverksemd innan produksjon, distribusjon og sal av kraft. Sognekraft har konsesjon for straumnettet i fleire kommunar i indre Sogn. Selskapet eig og driftar vasskraftverk med ein årleg produksjon på 730 GWh, og sel ca 700 GWh til sluttkundar. Ved utgangen av 2018 jobbar det 113 personer i Sognekraft-konsernet. Sognekraft har som ambisjon å vekse innan produksjon av fornybar energi og har konkrete planar om fleire store utbyggingsprosjekt i regionen dei komande åra.