Det pågår ein hefteg strid om håndtering av eigarskap i SFE mellom BKK og Sogn og Fjordane fylke, der mellom anna store kraftressursar er i spel. (Illustrasjonsfoto: Sunnfjord Energi)

BKK meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar domstolen for å omgå avtalar dei sjølve har inngått. Forkjøpsretten til aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) er avtalt i aksjonæravtalen mellom eigarane og er ein del av SFE sine vedtekter. I tillegg er forkjøpsretten nedfelt i aksjelova.

Kelde: BKK

– Fylkeskommunen har ikkje lagt skjul på at heile poenget med å be retten ta stilling til ein transaksjonsmodell med bruk av eit holdingselskap for å overføra verdiane i SFE til kommunane i fylket, er å omgå avtalane dei tidlegare har inngått om forkjøpsrett. Med dette vil fylkeskommunen avgrensa moglegheita for framtidig omsetnad av aksjane, samstundes som dei held på kontrollen og styringa med SFE, seier konserndirektør i BKK, Tonny Nundal, som strekar under at saka vedkjem alle aksjonærane i SFE, ikkje berre BKK.
– Enkelte hevdar at dette er ei sak om fordeling av «kraftmilliardar». Det er ikkje rett. Det er ikkje slik at nokon kjem og røvar verdiane i Sogn og Fjordane. Verdiane vert halde ved lag gjennom vidare eigarskap i SFE eller ved at kommunane kan selgje aksjane til marknadspris.

Fylkeskommunen gjekk til sak
I samband med samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til det nye fylket Vestland frå 1. januar 2020, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapen til aksjane i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense. SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet SF Holding (49,5 %), BKK (36,8 %), Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %).
Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og ba retten fastsetje at dei kan overføra 80 prosent av eigarskapen sin i SFE til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevda forkjøpsrett til aksjane. Saka gjekk for tingretten 3. – 5. september 2018.
Sogn og Fjordane tingrett gav fylkeskommunen medhald i at størstedelen av verdiane i SFE kan overførast til kommunar i fylket, via overdraging av 80 % av aksjane i holdingselskapet, utan at dette løyser ut forkjøpsrett.
Men ein slik transaksjon er ikkje gjennomført, og verken BKK eller nokon av dei andre eigarane har hevda forkjøpsrett. BKK har også på dette grunnlaget lagt ned påstand om at retten skal avvise saka.
Saka skal 26. – 28. februar opp til handsaming i Gulating Lagmannsrett etter at BKK anka dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Vil ha saka avvist
– I lagmannsretten vil BKK argumentere for frifinning, fordi overdraginga vil utløyse forkjøpsrett dersom ho blir iverksett. Dette skuldast mellom anna at fylkeskommunen si planlagte transaksjonsrekke er ei klar omgåing av inngåtte avtalar og reglane om forkjøpsrett, seier Nundal.
– Vidare meiner BKK at saka skal avvisast fordi fylkeskommunen har reist søksmål om forkjøpsrett til aksjar som er eigd av SF Holding AS. Det er sikker rett at ein aksjonær ikkje kan gå til søksmål om rettane til eit aksjeselskap.
– Saka skal også avvisast fordi søksmålet ikkje gjeld ein aktuell tvist, men ein eventualitet. Transaksjonsmodellen som er vurdert av tingretten gjeld kun ein av fleire moglege alternativ som Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer. I rettssystemet vårt er det ikkje tilgang til å nytta domstolane til å greia ut på denne måten, ved at fylkeskommunen på førehand testar ut utvalgte modellar, seier Nundal.