Styret i Sunnfjord Energi, her illustrert med hovedkontoret i Førde, er positive til dialog med BKK om samanslåing. (Foto: Øystein Ullaland)

I styremøtet til Sunnfjord Energi 28. februar la BKK fram eit forslag til samanslåing av dei to selskapa. Styret vil at administrasjonen skal gå i dialog med BKK for å konkretisere forslaget.

Kelde: BKK

– Vi har fått eit utkast som er av ein slik art at det absolutt er verdt å jobbe vidare med, seier styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs. Styret vil no be administrasjonen utgreie ein fusjon med BKK som alternativ til å halde fram som sjølvstendig selskap. –Ein klar føresetnad vil vere at vi opprettheld tal arbeidsplassar og klarer å utvikle sterke kompetansemiljø i Sunnfjord og framleis får innverknad på avgjerder sentralt gjennom styrerepresentasjon, legg Andenæs til.

– Vi er svært glade for styret si avgjerd og ser fram til å finna løysingar som kjem både tilsette, kommunale eigarar og kundane til gode, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK.

BKK presenterte eit forslag som omfattar trygging av eksisterande arbeidsplassar og at ingen tilsette skal miste arbeidet som følgje av fusjon. BKK la og fram at dei vil sikre lokal styring, lokal leiing og kontinuitet i tillegg til at dei vil leggja nye satsingar og arbeidsplassar til Sunnfjord. I løpet av dei næraste åra vil over 20 nye kompetansearbeidsplassar bli lagt til Sunnfjord, i tillegg til at ein opprettheld dei arbeidsplassane som er der i dag.

– Vi ønskjer robuste miljø i Sunnfjord. I tillegg til å oppretthalde dagens arbeidsplassar legg vi opp til å leggje nokre av våre eigne satsingar til Førde. Det gjeld mellom anna innanfor elektrifisering av oppdrett og kortbanenettet for flytrafikk. Digitalisering og elektrifisering vert sentralt framover. Vi ønskjer å nytta miljøa i Sunnfjord til å styrke satsinga til BKK innanfor desse områda, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK.

-Selskapet vil no utgreie tre alternativ: At selskapet held fram som sjølvstendig selskap eller slår seg heilt eller delvis saman med BKK. Ein fusjon med BKK vil medføre lågare nettleige, og tilbodet lovar høgare utbytte og fleire arbeidsplassar. Samstundes må vi sikre lokal styring og kontroll med naturressursar og samfunnskritisk infrastruktur. Vi har i dag fått presentert ei løysing frå BKK, og vi går no i dialog for å konkretisere kva lovnadane vil bety for kundar, eigarar og tilsette. Målet vårt er å kunne legge fram ei tilråding frå administrasjonen til styret i neste styremøte, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.