- Vi ankar fordi heile SFE-saka skulle ha vore avvist frå behandling i domstolane. Etter vår meining brukar fylkeskommunen domstolane som eit utgreiingsorgan, seier Jarle Hodne, konstituert konserndirektør for kommunikasjon i BKK. (Foto: BKK)

BKK ankar lagmannsretten sin dom i SFE-saka til Høgsterett.

Samtidig konstaterer BKK at forkjøpsrett framleis er eit ope spørsmål etter dommen, dersom kontrollen i Sogn og Fjordane Holding vert endra.

Lagmannsretten slår fast at oppretting av eit fond som eventuelt er kontrollert av representantar frå Sogn og Fjordane kan utløysa forkjøpsrett. 

– Dommen frå Gulating lagmannsrett gir derfor inga avklaring som sikrar Sogn og Fjordane kontroll over SFE-aksjane etter fylkessamanslåinga med Hordaland den 1. januar 2020, seier Jarle Hodne, konstituert konserndirektør Kommunikasjon i BKK.

Premissane for dommen i lagmannsretten inneheld ei rekkje vurderingar av stor interesse for eigarskapet i SFE. 

– Ifølgje lagmannsretten vil forkjøpsrett gjelda ved sal av aksjar i Sogn og Fjordane Holding. Dette gir ei klar avgrensing for kva fylkeskommunen kan gjera vidare med overføring av eigarskap og styring i SFE, seier Hodne.

Feil å bruka domstolen som utgreiingsorgan
BKK har gått grundig gjennom dommen frå lagmannsretten, og peikar på eit prinsipielt spørsmål som Høgsterett bør vurdera, og som kan ha betydning for andre saker.

– Vi ankar fordi heile saka skulle ha vore avvist frå behandling i domstolane. Etter vår meining brukar fylkeskommunen domstolane som eit utgreiingsorgan, seier Hodne.

– Fylkeskommunen har aldri lagt skjul på at heile poenget med å bruka eit holdingselskap for å overføra verdiane i SFE til kommunane i fylket, er å omgå avtaler dei tidlegare har inngått om forkjøpsrett. Med dette vil fylkeskommunen avgrensa framtidig omsetning av aksjane, samtidig som dei kan behalda kontrollen og styringa med SFE. Dette reduserer verdien av selskapet, både for BKK og dei andre aksjonærane i SFE, seier Hodne.

– Vi har ikkje noko imot at aksjane i SFE blir delt ut til kommunar i Sogn og Fjordane. Det viktige for oss er at det ikkje skal vera ei avgrensing i omsetning av aksjane, understrekar Hodne.

Fylkeskommunen gjekk til sak
I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune går saman til det nye fylket Vestland 1. januar 2020, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapet til aksjane i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense. SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding (49,5 %), BKK (36,8 %) og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %). 

Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og bad retten fastsetja at dei kan overføra 80 prosent av sitt eigarskap i SFE til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevda forkjøpsrett til aksjane. Sak gjekk for tingretten i september 2018, og for lagmannsretten i februar 2019.