Fredag vart bølgjekraftverket utafor fuglefjelløya Runde i Herøy kommune på Sunnmøre kopla til kraftnettet og starta å levere straum. (Foto: Waves4power)

Etter eit års prøvetid har Waves4power kopla bølgjekraftverket utanfor Runde på Sunnmøre til straumnettet.

Kelde: Tussa

Fredag vart bølgjekraftverket kopla til kraftnettet og starta å levere straum frå bølgjene utanfor Runde. 

– Ein milepåle for fornybar energi og for Waves4power, uttalar Waves4power i ei pressemelding. Dei meiner plasseringa utanfor Runde er heilt ideell for bølgjekraftverk. I løpet av året som har gått, har anlegget fått prøvd seg i 14 meter høge bølgjer, og det er designa for å takle enda høgare bølgjer enn dette.

Tussa har ei lita, men sentral, rolle i prosjektet. Det er Tussa som har konsesjon på bølgjekraftverk på staden, og som eig nettstasjonen der anlegget vert knytt til kraftnettet.