Det vart pluss i regnskapet for SFE (Sogn og Fjordane Energi) i 2015, men eigarane må vere budd på eit svakare resultat i 2016. (Illustrasjonsfoto: Ronny Solheim/SFE)

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2015 syner eit resultat etter skatt på 113 millionar kroner. Korrigert for dei ekstraordinære postane året før, er resultatet om lag 24 millionar betre enn for 2014. Eigarane kan vente seg eit utbytte på totalt 60 millionar.

Kelde: SFE

Ikkje sidan 2001 har straumprisen gjennom året vore så låg som den var i 2015. 18,7 øre/kWh (eks. mva og elsertifikat) vart fasiten for den gjennomsnittlege straumprisen på straumbørsen Nord Pool, ein nedgang på 6,1 øre/kWh frå året før. I prisområdet som omfattar store delar av Vestlandet, var prisen endå eitt øre lågare enn dette.

Ein reduksjon i finanskostnader gjorde sitt til at det ordinære resultatet etter skatt for SFE-konsernet likevel vart 113 millionar kroner, om lag 24 millionar over det ordinære resultatet for 2014. Dette er då korrigert for dei ekstraordinære postane i 2014, då sal av Leirdøla kraftverk i Luster førte til uvanleg høge inntekter og resultat. I 2015 enda driftsinntektene på 1 042 millionar kroner.

– Ser vi resultatet i lys av dei svært låge kraftprisane, er eg godt tilfreds med at vi leverer eit resultat på 113 millionar kroner, seier Johannes Rauboti.

Svakare utsikter
Samstundes er han uroa over framtidsutsiktene – både for 2016 og på lengre sikt.

– Kraftproduksjonen i Norden er aukande, utan at mellomlandsforbindelsane med kontinentet er gode nok til at vi får nok omsetnad på krafta når etterspørselen på den europeiske marknaden er størst. Dette kombinert med auka sol- og vindkraft i Europa, og låge brenselsprisar, pressar kraftprisane nedover, seier Rauboti.

Framleis låge kraftprisar vil vere dårleg nytt for SFE og eigarane, som må vere budd på eit svakare resultat for 2016.

– Tyngda av konsernet si inntening stammar frå produksjonen av vasskraft. Derfor betyr varierande kraftprisar mykje for konsernresultatet. Sjølv om vassmagasina var fullare enn vanleg ved inngangen til året, og vi skulle få eit år med bra mykje nedbør og stort produksjonsvolum, vil kraftprisane truleg føre til eit svakare resultat enn førre år, seier Rauboti.