Sognekraft og SKL går saman om å styrke sine kraftposisjonar i Sogn og Fjordane. (Illustrasjonsfoto: Sognekraft)

Saman med Sunnhordland Kraftlag (SKL) aukar Sognekraft satsinga nordover i Sogn og Fjordane. No eig Sognekraft og SKL fem kraftprosjekt i Jølster og Gloppen.

Kelde: Sognekraft

Det er gjennom selskapet Nydalselva Kraft AS at Sognekraft, saman med SKL, utvidar portefølgjen vår i Sunnfjord og Nordfjord. Saman eig selskapa 50 prosent kvar av Nydalselva Kraft AS. Nyleg kjøpte Nydalselva kraft AS 51 prosent av eigarskapen i Sandal og Fossheim Kraft AS og heile Timbra Kraft AS. Timbra er ikkje bygt ut, men eit ferdig rigga prosjekt klart for utbygging.

Frå før ligg Helgheim kraftverk og Indrebør kraftverk under Nydalselva Kraft AS. Også Helgheim Kraft er kjøpt som utbyggingsprosjekt, der ein har starta arbeidet med anbodsprosessar.

– Saman med SKL har vi ein strategi om å veksa oss større og sterkare ilag der dette er naturleg. Dei ulike kvalitetane i SKL og Sognekraft gjer oss veldig sterke når vi går saman, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

– Mange eigarar av småkraftverk har opplevd dei låge straumprisane som svært utfordrande. For mange kraftverk som er eigd av grunneigarar er stoda krevjande med tanke på eigenkapital og likviditet, seier Jacob Hornnes, produksjonssjef i Sognekraft.

I dei fleste tilfella går Nydalselva Kraft AS inn som eineeigar, men når det gjeld Sandal og Fossheim Kraft AS er grunneigarane med vidare som aksjonærar. Elles er grunneigarane sikra inntekter i form av falleige.

– Vi kjem til å leige inn ekternt personell til å føre tilsyn med kraftverka, medan veldikehaldet vil bli utført av staben vår ved Årøy kraftverk, seier Hornnes.