Dei store nettselskapa er fortsatt meir kostnadseffektive enn dei små selskapa, går det fram av ein fersk NVE-rapport. (Illustrasjon: NVE)

Den årlege rapporten om «Utvikling i nøkkeltal for nettselskap» viser blant anna kostnadsutviklinga i bransjen og for Statnett, og skilnader mellom små, mellomstore og store nettselskap. Rapporten i år viser primært utviklinga for perioden frå 2005 til 2014.

Kilde: NVE

Analysane viser i all hovudsak dei same trendane som presentert i tilsvarande rapport i 2014. Dei store nettselskapa er fortsatt meir kostnadseffektive enn dei små selskapa, men det er store individuelle skilnader. Nettkostnaden er også lågare for dei store enn dei små selskapa. Strukturendring med større nettselskap kan i mange tilfelle redusere nettkostnaden og bidra til å jamne ut tariffane.

– Ulik kostnadseffektivitet er berre ein av forklaringane til skilnadene i nettkostnaden mellom store og små selskap. Mykje av skilnaden kan også forklarast med ulik grad av kundetetthet, seier Tore Langset, seksjonssjef i NVE.