Etter 57 år i drift skal Tussa kraftverk på Bjørke innerst i Hjørundfjorden i Ørstad kommune gjennom ei stor oppgradering. (Foto: Tussa Kraft)

Etter 57 år i drift skal Tussa kraftverk på Bjørke gjennom ei stor oppgradering. Meir påliteleg drift og auka produksjon er målet.

Kelde: Tussa Kraft

I løpet av fire hektiske månader denne våren skal så godt som alt av maskiner plukkast frå kvarandre, nye delar skal inn og gamle delar skal vedlikehaldast i kraftstasjonen inne i fjellet på Bjørke.

Planen er at i juni, når arbeidet er ferdig, skal kraftverket kunne produsere 12 GWh meir enn det gjer i dag. Normalproduksjonen aukar då til 274,6 GWh i året. Dette er nok energi til å forsyne godt over 13 000 vanlege bustadhus med straum i eitt år.

Digitalisering av vasskrafta

Men det er ikkje berre meir kraft av same mengde vatn som er gevinsten ved oppgraderinga. Ronny Færøy er prosjektleiar og fortel at kraftverket også blir meir påliteleg og får nye system for overvaking.

– Smidde turbinhjul og forbetra konstruksjon gjer kraftverket meir påliteleg. Vi skal også setje inn ny regulator som gir oss større moglegheit til regulering og separat styring av nåler, forklarar han.

Også digitalisering, som ein høyrer mykje om innanfor alle bransjar for tida, er på full fart inn i vasskraftverk. Færøy fortel at på Tussa kraftverk vert det sett opp nye system for overvaking, og via avanserte datamodellar og analyse av big data vil ein kunne sjå tilstanden på kraftverket, oppdage feil i ei tidlegare fase og slik gjere meir effektivt vedlikehald når det trengs.

Ferdige til sommaren

5. mars startar demonteringa av maskinene. Tida fram til då vert nytta effektivt til å leggje til rette på anlegget, detaljplanleggje gjennomføringa av oppgraderinga og følgje opp produksjon av delar ute hos leverandørane, Rainpower og Hymatek.I juli skal kraftverket vere i produksjon igjen. 

Tussa sitt største kraftverk

Tussa kraftverk på Bjørke er det største av Tussa sine 21 vasskraftverk. Kraftverket vart sett i drift i 1961. Turbinane og kuleventilane vart kjøpt i 1957, men var produsert på 40-talet. Løpehjula vart bytt ut i 1981-82, og har vore i drift fram til i dag.