Sognekraft irriterar seg over useriøse straumselgarar, som prøver å lokke til seg straumkundar på falske vilkår.

Ei rekkje selskap i den norske kraftmarknaden prøver å lokke deg til seg som straumkunde på falske vilkår. Felles for dei aller fleste av desse er at dei lokkar deg med veldig gode prisar, men unnlet å fortelje deg om gebyra sine, om bindingstid og om skjulte påslag.

Kelde: Sognekraft

Er du ein av dei som har fått telefon frå eitt av desse selskapa, ofte med fine og tillitsvekkjande namn, der personen i den andre enden prøver å overtyde deg om at du må flytte straumavtalen din over til dei? I så fall er du ikkje åleine.

Du som straumkunde står heilt fritt til å velje kven du vil kjøpe straumen din hjå. Difor står du også fritt til å takke ja til eit av desse tilboda «du ikkje kan takke nei til». Problemet er berre det at du mest truleg takkar ja til eit tilbod du taper pengar på, ofte høvesvis store pengar.

Det telefonselsjarane som representerer desse selskapa unnlet å fortelje er at i tillegg til prisen dei lovar deg, som vert presentert som svært låg, har dei skjulte gebyr og påslag. Ofte har dei også bindingstid på produkta sine. Alt dette til saman gjer at du risikerer å betale alt for mykje dor straumen din over lang tid, før du kjem deg fri frå avtalen du har akseptert. Rein svindel, med andre ord, der det er du som er taparen.

  • Vi har mange døme på kundar som har takka ja til eitt av desse tilboda frå ein telefonseljar. Når dei får fakturaen i posten oppdagar kundane at dei er lurde, og ynskjer å flytte over straumavtalen sin til oss igjen, seier Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft.

I Sognekraft ynskjer vi å opptre ærleg og ryddig. I våre produkt er det ingen skjulte påslag eller gebyr. Og når det kjem til pris kan vi konkurrere med kven som helst.