
Bygger kraftverk i Uganda
Brødrene Dahl Vasskraft i Sunnfjord skal bygge kraftverk i Uganda. – Dette er ein alvorleg stor moglegheit for oss. Ein skikkeleg døropnar, og ein inngangsbillett til å vere med å utvikle vidare, seier Bjarte Skår.
Kelde: Småkraftforeninga
Skår er er leiar for dei rundt 25 tilsette i vasskraftdivisjonen i Brødrene Dahl As, som held til i Transplant-bygget i Dale, skriv Brødrene Dahl på nettsida si. Brødrene er ein kjent leverandør til småkraftbransjen. Her kan du lese heile artikkelen:
I samarbeid med bedriftene Malthe Winje og Rainpower, fekk Brødrene Dahl landa den viktige kontrakten i Afrika. Han seier det i slike prosjekt er vanleg å prøve eit liten kontrakt først, og deretter auke på dersom erfaringane er gode.
Nyleg var det høgtideleg signering av kontrakten, mellom representantar frå det statlege energiverket i Uganda, og den norske bedrifts-trioen.
Heilt konkret går kontrakten ut på å levere luker, ventilar og rør til inntaksdammar til eit kraftverk i Uganda.
– Det er ikkje slik i Uganda at bonden eig småkraftverk, seier Skår.
Det er fleire kraftverk som skal byggast i Uganda desse vil få ein planlagt innstallert kapasitet opp mot 800 (MW). Til samanlikning har eit vanleg småkraftverk i Norge 1–10 MW medan den største i vårt fylke, Aurland I har 840 MW.
Delegasjonen frå Uganda fekk ein rundtur i området, mellom anna til UWC i Flekke.
– Vi har jobba i tre år for å bygge nettverk på dette. Norske myndigheiter har gått opp løypa, og bistandsmidlane sit laust, seier Skår.
Den første leveransen til Uganda gjekk føre seg allereie i haust. Innovasjon Norge har bidrege med lån, og Fredskorpset i Oslo har vore mykje til hjelp.
Skår vedgår at det hadde vore enklare å få til om dei var i Oslo, men når dei først er i distriktet så dryp det litt på lokale bedrifter, til dømes hotell- og reiselivsbransjen.
Utstyret som skal leverast, vert teikna og designa av Brødrene Dahl i Dale, og skal produserast av blant anna Yndestad Mekaniske i Bygstad ifølge Skår.
Kontrakten i Uganda er ikkje den einaste foten dei har innfor i den veksande marknaden i Afrika. I juni skal dei til Rwanda for å levere utstyr.