
I løpet av ein månad har underskottet i den hydrologiske balansen gått ned frå 20 til 5 TWh, her illustrert med Vatnedalsdammen. (Foto: Anders Martinsen/Agder Energi)
Betydelig mindre underskott
Enda ei veke med rekordhøg vindkraftproduksjon i Norden.
mandag 8. oktober 2018 - 07:33
Kilde: NVE
Trass i høgare forbruk i heile Norden i veke 39, gjekk kraftprisane vidare ned i samtlege elspotområde. Mykje vind og nedbør i veka bidrog til dette. Kraftproduksjonen frå vindkraft i Norden for veka totalt ble 1381 GWh, 43 GWh høgare enn rekorden som ble satt veka før. Dessutan var tilgjengelegheita på svensk kjernekraft høgare enn veka før, fordi fleire reaktorarar kom tilbake i drift etter årleg vedlikehald.
Magasinfyllinga i Norge steg ytterlegere med tre prosentpoeng, og ligg no rundt 10 prosentpoeng under medianen. Den hydrologiske balansen i Noreg har eit underskot på rundt 5 TWh, mot eit underskot på om lag 20 TWh for ein månad sidan.