
Tussa sel aksjar i Istad
Tussa Kraft AS (Tussa) har inngått avtale om å selje delar av aksjeposten sin i Istad AS til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Etter salet vil Tussa eige 36 prosent av aksjane i Istad AS og KLP eige 13 prosent av aksjane i Istad AS.
Kelde: Tussa
Prisen for aksjane er 103 millionar kroner. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft AS (17 prosent).
Tussa kjøpte aksjeposten i Istad i juni i år, og kjøpet var motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal.
– Tussa har eit godt samarbeid med KLP gjennom KLP sitt eigarskap i Tussa Kraft. Salet av aksjane til KLP er ein lekk i å utvikle samarbeidet mellom partane vidare, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.
– KLP har eit langsiktig perspektiv som finansiell investor i norske kraftselskap. Investeringane våre er med på å fordele pensjonsmidlar, og gi god avkastning og stabilitet i porteføljen. Vi har allereie eit godt samarbeid med Tussa Kraft, og har stor tru på at denne investeringa vil passe godt i forvaltninga av pensjonsmidlar, seier Aage Schaanning, konserndirektør økonomi og finans i KLP.
Gjennomføring av avtalen er på vilkår av samtykke og godkjenning i styra og Finanstilsynet.