
Tindra er blitt ein del av Linja
– Vi er glad for å kome inn i eit sterkt kompetansemiljø.
Tindra Nett har blitt ein del av Linja og straumnettet i Stranda kommune som også omfattar Hellesylt, Liabygda og Geiranger. Styra i Linja og Tindra Nett har vedteke fusjonsplan for samanslåing. I første omgang er Tindra Nett blitt eit dotterselskap av Linja, og etter ein periode med formelle prosessar vil Tindra og Linja bli fusjonert -rett over nyttår.
– Vi gler oss til å få Stranda og deira tilsette med på Linja-laget , seier Rune Kiperberg som er adm. dir i Linja og styreleiar i Tindra Nett i ei pressemelding.
Med dette får Linja 10 nye medarbeidarar og om lag 3.750 nye nettkundar.
– Vi er glad for å kome inn i eit sterkt kompetansemiljø. Dette vil styrke utvikling i samfunnet og gi oss ein enda betre beredskap. Alt i alt er det svært positivt for både oss tilsette, og innbyggjarane i Stranda kommune, seier Dag Ronald Sylte, tillitsvald i Tindra, i meldinga.
Fakta om Linja:
- Fjerde største nettselskapet i landet
- Om lag 102.000 kundar
- Regionalnett i 27 kommunar frå Sognefjorden til Romsdalsfjorden
- Distribusjonsnett i 20 kommunar
- 310 tilsette
- Totalkapital på om lag 6,5 mrd